Semestre

MGL1-7NO3A Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk

Emnekode: 
MGL1-7NO3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap
MGL1-7FOUNO FoU-oppgåve i norsk
MGL1-7NO2A Norsk 2A: Den andre lese- og skriveopplæringa
Om emnet

Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg emne som gir studentar teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen gir. Det faglege innhaldet er konsentrert om fleirspråklegheit, kulturelt mangfald og andrespråksdidaktikk og begynnaropplæring i lesing og skriving for nykomne elevar på 1.-7. trinn.

Emnet går inn på fleirspråklighet i eit ressursperspektiv, samanhengar mellom språk, identitet og læring, kritisk analyse av fleirspråkleg og fleirkulturell pedagogisk praksis og bruk av skjønnlitteratur og læreboktekstar for realisering av ein antirasistisk, fleirkulturell skule.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • avansert kunnskap om inkludering og tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen  
  • inngåande kunnskap om fleirspråklegheit og om samanhengar mellom språk, identitet og læring
  • forskingsbasert kunnskap om kva som kjenneteiknar kvalitet i den faglege og språklege opplæringa for elevar som held på å lære norsk  
  • inngåande kunnskap om arbeid med utvikling av eit antirasistisk, fleirkulturelt og fleirspråkleg innhald i undervisninga
  • inngåande profesjonsretta kunnskap om korleis ein kan arbeide med ord- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv
  • avansert kunnskap om lese- og skriveforsking når norsk er andrespråket  
Ferdigheiter

Studenten kan

  • kritisk analysere og drøfte pedagogisk praksis i lys av antirasisme, inkluderingsomgrepet og prinsippet om tilpassa opplæring for fleirspråklege elevar 
  • nytte forskingsbasert kunnskap til å arbeide fram innhald, arbeidsmåtar og organisering som fremjar tilpassa språkleg og fagleg opplæring for fleirspråklege elevar 
  • meistre didaktiske tilnærmingar som gir moglegheit for god lese-, skrive-, ordforråds- og omgrepsutvikling for elevar med fleirspråkleg bakgrunn 
  • analysere og nytte relevant kartleggingsverkty i arbeid med tilpassa opplæring for elevar som lærer norsk  
  • nytte språkleg og kulturelt mangfald i arbeid med å tilpasse innhaldet i undervisninga
  • uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar
Generell kompetanse

Studenten kan

  • på ein kvalifisert måte engasjere seg i den faglege og språklege utviklinga som mangfaldet av fleirspråklege elevar kan ha
  • kritisk analysere og vurdere læringsmiljøet med særleg merksemd på språkleg og kulturelt elevmangfald, og kan nytte relevant profesjonsfagleg kunnskap som bidrag til nødvendig endring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsformene vil variere mellom plenumsundervisning, analyse og drøfting av faglitteratur, problembasert læring, studentseminar, munnlege presentasjonar, arbeid individuelt og i grupper, og rettleiing.
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Ei individuell skriftleg oppgåve på 1600 - 2000 ord knytt til analyse av eit empirisk basert datamateriale
  2. Eit gruppebasert munnleg innlegg knytt til analyser av språkleg og kulturelt innhald i opplæringa
  3. Deltaking i alle seminara knytt til arbeidskrava

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avleggje eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Birgitte Fondevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust