Semestre

MGL1-7PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet

Emnekode: 
MGL1-7PE2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 1-7. Emnet bygger på faget Pedagogikk og elevkunnskap 1, og inneheld 11 stp. pedagogikk og 4 stp. religion, livssyn og etikk.

Emnet tek føre seg elevmangfaldet og tilrettelegging for læringsprosessar for elevar på 1. – 7. trinn. Det er den lærande eleven som er i sentrum, der kvar elev med sine unike personlege, sosiale og kulturelle føresetnader for læring er ein del av ein fellesskap. Forskingsbasert kunnskap om arbeid med inkluderande og tilpassa opplæring, læring individuelt og i samspel står sentralt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • sentrale pedagogiske prinsipp for fremjing av inkludering og tilpassa opplæring
  • innhaldet i og grunngjevingane for sentrale reguleringar som gjeld elevar og deira rettar
  • tilpassa opplæring for elevar som har åtferdsutfordringar
  • sosialisering, danning og identitetsutvikling i lys av språkleg, kulturelt, religiøst og livssynsmessig mangfald
  • den norske skulen i lys av kristen tradisjon, sekularisering, pluralisme og fundamentalisme
  • sentrale trekk i religionar og sekulære livssyn som har særleg relevans for skulekvardagen
  • skulen i møte med den samiske urbefolkninga og nasjonale minoritetar 
  • samarbeid mellom heim og skule 
  • elevane si utvikling av motivasjon og læringsstrategiar
  • skulestartarar og skulen si betydning for utvikling av identitet og sjølvoppfatning  
  • barn i vanskelege livssituasjonar
  • korleis praktiske og skapande prosessar kan påverke læring og utvikling
Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke kunnskap om elevmangfaldet og elevar sine individuelle føresetnader til å skape tilpassa opplæring og inkluderande læringsmiljø
  • forklare forholdet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning
  • legge til rette for godt samarbeid mellom skule og heim
  • formidle eit samansett fagstoff på ein kvalifisert måte, munnleg, skriftleg og digitalt
  • planlegge undervisning som fremjar samhandling og respekt på tvers av religiøse og livssynsmessige skilje
  • ivareta livssynsmangfald i samarbeid med elevar og foreldre
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan legge til rette for eit læringsmiljø som fremjar inkludering gjennom fellesskap, deltaking, medbestemming og utbytte for alle elevar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning for elevane med utgangspunkt i eksisterande rammefaktorar og gjeldande læreplanverk
  • har kunnskap om og kan drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein skule prega av språkleg, kulturelt og religiøst mangfald
  • kan på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med eleven og deira føresette om elevane si læring og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsundervisning som gir faglege innføringar, formidling og seminar med studentaktivitet, rettleiing frå faglærar, arbeid i gruppe og individuelt. Det vert lagt vekt på arbeidsmåtar som gir studentane moglegheit til å utvikle ferdigheiter dei treng i læraryrket, som å analysere, formidle, kommunisere, samarbeide, drøfte og leie.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6

Arbeidskrav:

  • Ei gruppebasert oppgåve knytt til praksis og til munnlege og digitale framstillingsmåtar
  • Eit munnleg, individuelt arbeid knytt til det fleirfaglege temaet “Den fleirkulturelle skulen”
  • Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytt til arbeidskrava
Sensorordning
Maksimumstal: 
140
Emneansvarleg: 
Ann Helen Lonbakken Næss
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust