Semestre
MGL1-7PE3 Pedagogikk og elevkunnskap 3: Den profesjonelle læraren i møte med elevmangfaldet og andre samarbeidspartnarar
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Pedagogikk og elevkunnskap, grunnskulelærarutdanninga trinn 1-7. Emnet er tredje del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, som inneheld 11 stp. pedagogikk og 4 stp. religion, livssyn og etikk. Emnet skal saman med MGL1-7PE4 og masterfaget danne grunnlag for masteroppgåva.
Emnet bygger på dei to første emna i PEL- faget i grunnskulelærarutdanninga. Det omhandlar sentrale oppgåver for læraren i møte med elevmangfaldet på trinn 1-7. Ein utvidar no perspektivet frå å gjelde lærarrolla og mangfaldet av elevar, til også å omhandle læraren som deltakar i ein profesjonell fellesskap. Emnet inneheld generell kunnskap om individuelt og kollektivt endrings- og utviklingsarbeid i skulen som organisasjon, profesjonsetiske utfordringar og samarbeid med heimen og andre aktørar. Emnet tek føre seg pedagogiske og profesjonsetiske utfordringar knytt til barn som strevar. Ein ser nærare på korleis skulen møter elevar som har ulike utfordringar når det gjeld utvikling og læring, og korleis ein kan arbeide for å gje desse elevane eit likeverdig opplæringstilbod.
Studentane skal gjennomføre to arbeidskrav, to skriftlege der eit av dei er ei multimodal tekst. Desse skal danne grunnlag for ein mappeeksamen. Studentane får i denne eksamensforma vise breidde i sin kompetanse, både når det gjeld faginnhald, og formidling. For å knytte munnlege ferdigheiter også til tema som er behandla skriftleg skal studentane delta i seminar i samband med dei skriftlege oppgåvene.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- grundig kunnskap om etisk teori, lærarprofesjonen sin etiske plattform og profesjonsetiske utfordringar i skulen
- inngåande kunnskap om betydninga av skulen sitt samarbeid med heimen, og med eksterne samarbeidspartnarar
- kunnskap om korleis skulen kan møte barn i vanskelege livssituasjonar, som traume, omsorgssvikt og overgrep
- inngåande kunnskap om varierte vurderingsformer som grunnlag for tilpassa opplæring, vurdering av eigen praksis og utviklingsarbeid
- grundig kunnskap om metakognisjon og sjølvregulering
- kunnskap om utfordringar og moglegheiter knytt til tilpassa opplæring for elevar som har åtferdsutfordringar og sosioemosjonelle vanskar
- brei kunnskap om korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast
- kunnskap om forskingsbaserte utviklings- og endringsprosessar i skulen
Studenten kan
- analysere og ta stilling til profesjonsetiske utfordringar frå skulekvardagen med utgangspunkt i etisk teori og skulen sitt verdigrunnlag
- initiere og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heim og med andre aktørar relevante for skulen si verksemd
- ta ansvar for samarbeid og delta i utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skulen og kritisk vurdere arbeidet
- anvende forskingsbasert kunnskap til å førebygge, analysere og sette i verk tiltak som skal motverke mobbing
Studenten
- kan identifisere og analysere komplekse etiske situasjonar og ta velgrunna handlingsval
- kan kritisk analysere og vurdere læringsmiljøet, med særleg merksemd på elevmangfaldet, og i samarbeid med andre bidra til nødvendig endring
- skal på eit avansert nivå kunne formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
- To skriftlege oppgåver, der ei av dei er ei multimodal tekst
- Aktiv deltaking i alle seminar knytt til dei skriftlege oppgåvene
Nærare retningslinjer om arbeidskrav vert gitt i semesterplanen i starten av semesteret.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kapittel 5.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ein individuell mappeeksamen med to innleverte arbeidskrav |