Semestre

MGL1-7PR1 Praksis 1, 30 dagar

Emnekode: 
MGL1-7PR1
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Hovudtema for praksisstudiet dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon  og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 5. til 10. trinn. Praksis 1 har hovudfokus på lærarrolla, kontaktlærarrolla og lærararbeidet. 

Praksis i 1.studieår er på 30 dagar og er fordelt på tre praksisperiodar. Fem av dagane er observasjonspraksis. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar.  

Tema for praksis i første studieår er lærarrolla, kontaktlærarrolla og lærararbeidet. Studentane får eit første møte med det å vere lærar. Studentane skal nytte systematisk observasjon av praksislærar for å skaffe seg ei første innsikt i dei daglege oppgåvene i yrket. Observasjonane skal analyserast og rapporterast skriftleg som eit arbeidskrav i Pedagogikk og elevkunnskap. I løpet av studieåret får studentane innføring i estetiske læringsprosessar gjennom øving i stemmebruk og kroppsspråk, og leiing av ulike dramapedagogiske undervisningsopplegg. Dei får også ei innføring i teknisk og pedagogisk bruk av relevante digitale ressursar i skulen. 

Praksisstudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om læraren og kontaktlæraren sine oppgåver og roller i skulen, 

  • har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid 

  • har kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremmer gode inkluderande klasse- og læringsmiljø 

  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter som grunnlag for læring 

  • har kunnskap om observasjonsmetodar 

Ferdigheiter

Studenten 

  • har erfaring med å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar 

  • kan bruke relevante digitale ressursar 

  • kan diskutere og fagleg grunngi didaktiske og etiske val 

  • kan planlegge og gjennomføre systematisk observasjon av læraren og lærararbeidet 

  • kan kommunisere munnleg og skriftleg og nytte språket på ein kvalifiserande måte i profesjonssamanheng 

Generell kompetanse

Studenten 

  • har kunnskap om estetiske læringsprosessar, m.a. om eigen og elevars kroppsspråk og stemmebruk, og kan legge til rette for kreativ læring gjennom ulike uttrykk, formidling og framføring 

  • kan diskutere undervisning og læring, fag og elevar i lys av profesjonelle og yrkesetiske perspektiv 

  • Kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærarar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på same praksisskulen heile studieåret. Praksisen første studieåret vert delt inn i tre praksisperiodar. 

I byrjinga av praksisopplæringa første året får studentane ansvar for avgrensa deler av timar og aktivitetar. Det blir øvd på enkeltelement som det å starte ein aktivitet, samtale med elevar om faglege spørsmål, gje tilbakemeldingar, instruere og formidle og vurdere fagleg kunnskap. God klasseleiing er ei av dei utfordringane studentane må få erfaring med tidleg. Utover i praksisperiodane første studieår blir dette ansvaret meir omfattande og utvida til å gjelde heile undervisningsøkter og fleire undervisningsøkter. Utfordringane går også frå å ha gruppevis ansvar for undervisning til å få eit individuelt ansvar.  

Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og drøfting av erfaringar frå økter der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. Det er ein viktig føresetnad for å kunne utvikle forskarblikket i praksis. Studentane nyttar digitalt rettleiingsverktøy i praksis. 

Før og etter kvar praksisperiode er det obligatoriske praksismøte med studentar, praksislærarar og faglærarar.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

 

Følgjande arbeidskrav skal være gjennomført og godkjent: 

  1. Arbeidskrav før andre praksisperiode: Deltaking på seminar for førebuing til praksis.  

  1. Arbeidskrav etter andre praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av sentrale erfaringar om lærarrolla og/eller lærararbeidet.  

  1. Arbeidskrav før tredje praksisperiode.  

  • Deltaking på drama-seminar med gruppevis munnleg presentasjon knytt til førebuing til praksis. 

  • Deltaking på seminar med innføring i teknisk og pedagogisk bruk av relevante digitale ressursar i skulen. 
     

  1. Arbeidskrav etter tredje praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av sentrale erfaringar frå undervisning.  

Nærare spesifisering av arbeidskrav i semesterplan/Canvas. 

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda 

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Kjersti Markegård
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Praksislærar skal gje kvar student munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisbolken. Etter om lag 15 dagar i praksis, skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.
Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.
Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet.
Godkjent av: 
Arne Myklebust