Semestre

MGL1-7PR2A Praksis 2A, 15 dagar

Emnekode: 
MGL1-7PR2A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Teaching practice 2A, 15 days
Emnenavn på bokmål: 
Praksis 2A, 15 dager
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PR1 Praksis 1
Om emnet

Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon  og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 1. til 7. trinn. Praksis i andre studieår er delt inn i to sjølvstendige emne med avsluttande vurdering i begge. Praksis 2A har hovudfokus på elevrolla, elevmangfaldet  og begynnaropplæring.

I andre studieår har studentane eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Studentane skal observere elevar sine føresetnader og utvikling i begynnaropplæringa, og observere gruppeprosessar og relasjonar mellom elevane. Dei skal også observere og rettleie medstudentar som underviser.

Praksistudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Studentane skal ha praksis i dei undervisningsfaga som er valt i studieprogrammet. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis. 

I dette studieåret legg ein stor vekt på begynneropplæring og korleis ein kan arbeide med faga i undervisninga. Studentane skal systematisk få prøve ut ulike og sentrale arbeidsformer, og få erfaringar med korleis dei fungerer for ulike elevar og i forskjellige fag. Eit viktig poeng i praksisen dette året er omsynet til det faglege innhaldet i studentane si undervisning. Det blir lagt stor vekt på det faglege nivået i timane, på korrekt og inspirerande fagleg formidling og tilbakemelding til elevane. Studentane skal få erfaring med korleis førebu, gjennomføre og avslutte undervisningssekvensar for at elevane skal ha fått gode faglege opplevingar og erfaringar. Tilhøvet mellom faginnhald og arbeidsformer er sentralt, like eins er måten det faglege innhaldet blir arbeidd med viktig.

Læringsutbytte

I tillegg til læringsutbytte i praksis frå tidligare år, og i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om gjeldande lov- og planverk i skulen
  • har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring og tidleg innsats
  • har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid
  • har kunnskap om begynneropplæring i faga
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med særleg vekt på begynneropplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar
  • kan ivareta læreprosessar for dei yngste elevane
  • kan reflektere over og vurdere, velje og bruke ulike kartleggingsverktøy i faga
  • kan kommunisere munnleg og skriftleg og nytte språket  på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
  • kan bruke relevante digitale verktøy
  • kan leie gode læringsprosessar med utgangspunkt i ulike arbeidsmåtar og mål for undervisninga
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i elevane si læring av grunnleggande ferdigheter og kompetansar
  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine til å gjennomføre lærarfaglege oppgåver
  • kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule gjennom heile praksisperioden på 15 dagar.

Før og etter praksisperioden er det obligatoriske praksismøte mellom studentar, praksislærarar og faglærar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Manglande frammøte vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis.

Arbeidskrav: Følgande arbeidskrav vere gjennomført og godkjent:

  1. Gruppevis munnleg og digitalt basert presentasjon og drøfting av sentrale erfaringar med fokus på begynneropplæring og/eller elevmangfald.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

 
Vurdering: Stått eller Ikkje stått

Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. 
Etter praksisperioden skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Oddvar Aalde
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden.
Etter praksisperioden skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.
Godkjent av: 
Anne Øie