Semestre

MGL1-7PR3 Praksis 3, 30 dagar

Emnekode: 
MGL1-7PR3
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PR2 Praksis 2, 25 dagar
Om emnet

Praksis 3 er i hovudsak lagt til 3.-4. klassesteg, og hovudtema for praksis tredje studieår er: 

  • Elevmangfald
  • Kontaktlærarrolla
  • Skulen som organisasjon
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:  

  • Kontaktlærarrolla
  • Arbeidsmåtar og vurdering som fremmer  inkluderande klasse- og læringsmiljø 
  • Kulturelt, språkleg, religiøst og sosialt mangfald 
  • Skulen som organisasjon 
Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • Vurdere  relevante læremiddel, ressursar og digitale verktøy som blir brukt i opplæringa for å fremme  elevane si digitale kompetanse 
  • Drøfte undervisning og  læring på bakgrunn av profesjonsetiske perspektiv 
  • Identifisere og drøfte tiltak mot mobbing og trakassering for å bidra til positiv utvikling av skulen sitt læringsmiljø 
Generell kompetanse

Studenten:  

  • Kan engasjere seg i skulen sitt internasjonale og fleirkulturelle arbeid 
  • Kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar 
  • Har utvikla eigen læraridentitet, kommunikasjons- og relasjonskompetanse 
  • Kan delta aktivt i rettleiing i praksis og bidra med å analysere og vurdere relevante faglege og profesjonsetiske problemstillingar 
  • Har endrings- og utviklingskompetanse som bidreg  til samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Felles for alle studieår: 

Studentane vert delte i grupper på to til fire studentar og vil vere på same praksisskule og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og oppfølgingslærar frå høgskulen, og praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. 

I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar frå høgskulen får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis. 

Tredje studieår: 

Studentane skal i praksis i 3. studieår få undervisningsansvar for lengre sekvensar, som til dømes å følgje same faget fleire timar etter kvarandre eller å ha ansvaret for all undervisning heile dagar. Omsynet til elevmangfaldet tyder at studentane skal få erfaringar med å differensiere undervisninga, og få kunne møte elevar med ulike føresetnader på deira premissar. Det føreset også ein bevisst og målretta vurderingspraksis.

Kontaktlærarrolla og det å skape gode relasjonar til elevane er ei anna side ved praksisen dette året. For å kunne lukkast med det, er det nødvendig at studentane skaffar seg kunnskapar om elevane. Det skal skje ved at studentane får ta del i dei kartleggings-prosessane og den kunnskapen skulen sit med om elevane, gjennom observasjonar og analysar av fagleg arbeid som elevane gjer og gjennom elevsamtalar.

Vurdering:

Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med oppfølgingslærar frå høgskulen og rektor ved praksisskulen. 
Studentane får: 

  • Skriftleg midtvegsvurdering. 
  • Skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått

Rutiner for ikkje stått

  • Ved tvil nyttar praksislærar skjema for varsel om ikkje stått. 
  • Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar. 
  • Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten avbryte studiet
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid vil kunne føre til krav om kompensatorisk arbeid.  

I tillegg skal studentane: 

  • Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas 
  • Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis. 

Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Gunhild Verås Grimstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Stått eller ikkje stått
Godkjent av: 
Arne Myklebust