Semestre
MGL1-7PR3 Praksis 3, 30 dagar
Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 1. til 7. trinn. Praksis 3 har hovudfokus på elevmangfald, skulen som organisasjon og overgang barnesteg-ungdomssteg.
Praksis i 3.studieår er på 30 dagar og er fordelt på tre praksisperiodar, der 5 dagar er i barnehage og innretta mot overgangen barnehage – skule. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar.
Studentane skal i praksis i 3. studieår få undervisningsansvar for lengre sekvensar, som til dømes å følgje same faget fleire timar etter kvarandre eller å ha ansvaret for all undervisning heile dagar. Omsynet til elevmangfaldet tyder at studentane skal få erfaringar med å differensiere undervisninga, og få kunne møte elevar med ulike føresetnader på deira premissar. Det føreset også ein bevisst og målretta vurderingspraksis. Å skape gode relasjonar til elevane er ei anna side ved praksisen dette året. For å kunne lukkast med det, er det nødvendig at studentane skaffar seg kunnskapar om elevane. Det skal skje dels ved at studentane får del i dei kartleggings-prosessane og den kunnskapen skulen sit med om elevane, og dels skal det skje gjennom observasjonar og analysar av fagleg arbeid som elevane gjer, og gjennom elevsamtalar.
Praksisstudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og førset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om metodar knytte til forskings- og utviklingsarbeid i skulen
- har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring
- har kunnskap om kulturelt, språklig, religiøst og sosialt mangfald
- har kunnskap om gjeldande lov- og planverk, og om det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgangen frå barnehage til skule, og frå barnesteg til ungdomssteg
- har kunnskap om skulen som organisasjon og samarbeid med andre instansar
Studenten
- kan drøfte undervisning på bakgrunn av profesjonsetiske perspektiv
- kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer, og andre interne og eksterne aktørar
- kan identifisere og drøfte tiltak for å handtere mobbing og trakassering, og bidra til positiv utvikling av skulen sitt læringsmiljø
- kan bruke relevante digitale ressursar og rettleie elevar i deira digitale kvardag
- kan reflektere over likskaper og ulikskapar mellom barnehage og skule, med omsyn til formål, innhald, arbeidsmåtar og organisering
Studenten
- har endrings- og utviklingskompetanse som bidreg til samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
- kan med grunnlag i teori og forsking kritisk vurdere eigen og andre sin praksis
- har utvikla eigen læraridentitet, kommunikasjons- og relasjonskompetanse
- kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid og stimulere til demokratisk deltaking
- har innsikt i problemstillingar og utfordringar knytt til overgangen barnehage-skule
Praksisen i tredje studieåret er delt inn i tre praksisperiodar; 25 dagar i skulen (15 dagar haust og 10 dagar vår) og 5 dagar i barnehage (vår). Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 2-4 studentar og vere på ein praksisskule/barnehage.
Før og etter første og andre praksisperiode er det obligatoriske praksismøte med studentar, praksislærarar og faglærarar.
Før barnehagepraksisen er det obligatorisk seminar på høgskulen knytt til praksisen.
Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. Etter første praksisperiode (haust) skal studenten ha skriftleg midtvegsvurdering.
Studentane nyttar digitale rettleiingsverktøy i praksis.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande frammøte til førebuing og etterarbeid til praksis vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis. Sjå praksisheftet for retningsliner.
Arbeidskrav:
Følgande arbeidskrav skal vere gjennomført og godkjent (nærare spesifisering i Canvas/semesterplan).:
Haust: Arbeidskrav etter første praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av tema knytt til hovudfokus i praksisstudiet tredje år.
Vår:
a) Arbeidskrav etter andre praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av tema knytt til hovudfokus i praksisstudiet tredje år.
b) Gjennomført 5 dagar praksis i barnehage.
c) Refleksjonsnotat i gruppe med drøfting av tema knytt til sentrale erfaringar frå praksisperioden med fokus på overgang barnehage-skule.
Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Stått eller ikkje stått |
Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.
Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet.