Semestre
MGL1-7PR4 Praksis 4, 30 dagar
Praksisstudiet i 4.studieår (syklus 2) skal gi studentane ein meir inngåande kunnskap om læringsprosessar, skulen som organisasjon, tilrettelegging for læring av undervisningsfag på 1. – 7. trinn, og forskings- og utviklingsarbeid. Det vil vere kopling mellom masterfaget, "Pedagogikk og elevkunnskap" og praksis.
Praksis er på 30 dagar og er fordelt på to praksisperiodar. Fem av dagane er sett av til klasse- eller skuleovertaking på ein eller fleire av praksisskulane. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar.
Det er ein føresetnad at både planlegginga av undervisninga og gjennomføringa av undervisninga skal grunngjevast i forskingsbaserte tilnærmingar. Både øvingslærar og studentane sine vurderingar av undervisninga skal gjerast ut frå systematiske observasjonar i klasseromma, og relaterast til relevant forskingsbasert kunnskap. I praksis i 4. studieåret må studentane også gjennomføre samtalar med elevane for å få tak i deira opplevingar og vurderingar av både undervisninga og skulen.
Studentane skal fagleg grunngje og prøve ut eiga lærarrolle, og dei vil ta del i skule-heim samarbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Har inngåande kunnskap om læringsprosessar og didaktisk tilrettelegging som fremjar inkluderande klasse- og læringsmiljø
- Har inngåande kunnskap om barns utvikling, læring og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og digitale kontekstar og om korleis kunnskapen kan nyttast for å tilpasse opplæringa til alle elevar sine føresetnader og behov
- Har inngåande kunnskap om skulen som organisasjon og skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet
- Har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen
Studenten
- Kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderande kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø der opplæringa vert tilpassa elevane sine behov
- Kan legge til rette for og ivareta begynneropplæring og tidleg innsats
Studenten
- Kan nytte kunnskapar og ferdigheiter til å involvere og bygge relasjonar til elevar og føresette, samarbeid mellom skule og heim.
- Kan bidra til endringsprosessar og fagleg og pedagogisk nytenking i skulen og involvere lokalt samfunn, arbeids- og kulturliv i opplæringa
- Kan kritisk reflektere over eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking
- Kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid og stimulere til demokratisk deltaking
Praksis på 30 dagar er fordelt på to praksisperiodar; 15 dagar haust og 15 dagar vår.
Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere samla på ein eller fleire praksisskular. Minst 5 av dagane er sett av til klasse- eller skuleovertaking.
Før og etter kvar praksisperiode er det obligatoriske praksismøte med studentar, praksislærarar og faglærarar.
Det blir gjennom arbeidskrav og andre oppgåver i praksis i fjerde studieår lagt vekt på at studentane skal utvikle sin forskings- og erfaringsbaserte undervisningspraksis og innta forskarblikket når dei er ute i skulen. Studentane skal få kunnskap om korleis praksiskulane arbeider med utvikling, og korleis skulane gjer seg nytte av resultat frå relevant forsking. Dei skal også få høve til å diskutere desse spørsmåla med både skuleleiing og lærarar på praksis-skulane. Der det er aktuelt kan det også opnast for at studentane kan bidra i endrings- og innovasjonsprosessar og utviklingsarbeid på praksisskulen. Dette vil skje i samarbeid med fagmiljøet på HVO, og være kopla opp mot innhaldet i masterfaget og Pedagogikk og elevkunnskap.
Studentane nyttar digitalt rettleiingsverktøy i praksis.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis.
Arbeidskrav:
Følgande arbeidskrav skal vere gjennomført og godkjent:
- Arbeidskrav etter første praksisperiode: Deltaking på seminar. Profesjonsfagleg tekst som utgangspunkt for samtale i gruppe.
- Arbeidskrav etter andre praksisperiode: Deltaking på seminar. Profesjonsfagleg tekst som utgangspunkt for samtale i gruppe.
Nærare spesifisering i Canvas/semesterplan.
Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Stått eller ikkje stått |
Etter siste praksisperiode skal studenten ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått.
Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanningane.