Semestre
MGL5-10EN1A Engelsk 1A
Ingen
Engelsk 1A for 5-10 gir ei fyrste innføring i engelsklæring og engelskdidaktikk. Hovudfokus er ei innføring i rolla som engelsklærar: emnet gir innsikt i og reiskapar til å observere og reflektere over læraren si leiing av læringsprosessar, og val av læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Praksis vil i fyrste året ligge på mellomsteget, og emnet omfattar også ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa, og kunnskap om deira språkutvikling. Emnet omfattar kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit og produktivt ordforråd. Studentane blir også introdusert for engelsk som kulturfag gjennom eit vidt utval av kulturelle uttrykk frå den notidige engelsktalande verda til eigenutvikling og bruk i klasserommet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har grunnleggande kunnskap om barn og unge si språklæring i eit 2.-språksperspektiv, om metodar og strategiar
- Har innsikt i gjeldande læreplanverk
- Har innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene
- Har kunnskap om eit utval av læremiddel og andre ressursar, mellom anna digitale, som kan brukast i opplæringa
- Har kunnskap om engelske språklege strukturar, med vekt på ordtilfang, ordklasser og syntaks, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
- Har kunnskap om kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk ved den moderne engelskspråklege verda og fleirkulturelle utrykk, med vekt på demokrati og medborgarskap
- Har grunnleggande kunnskap om normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
Studenten:
- Kan bruke munnleg og skriftleg engelsk sikkert og sjølvstendig, tilpassa ulike målgrupper og situasjonar
- Kan aktivt gjere nytte av erfaringane elevane har med engelsk
- Kan planlegge heilskaplege læringsøkter utifrå ein gitt samanheng
- Kan velje ut og nytte relevante læremiddel og digitale ressursar
- Kan bruke kunnskap om engelsk språksystem til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
- Kan gjere greie for og analysere kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den notidige engelskspråklege verda
- Kan leggje til rette for elevane si utforsking av ulike levesett og kulturuttrykk, inkludert situasjonen til urfolk
- Kan nytte normene for akademisk tekstproduksjon
- Kan observere og reflektere over lærarrolla og undervisingspraksis i faget
Studenten:
- Kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 5.-10. steg
- Kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- Kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
a. obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar
b. ei skriftleg oppgåve på 600 ord. Oppgåva skal innehalde ein ferdig utarbeidd plan for ei undervisningsøkt, med eit refleksjonsdokument som reflekterer over metodeval
c. ei innleveringsoppgåve i grammatikk
d. eit utkast på 800-1000 ord til den eksamensoppgåva i moderne engelskspråkleg kultur (sjå eksamen)
e. eit refleksjonsnotat på 200-300 ord. Notatet skal knytast til studentens observasjonar av lærarrolla frå eigen praksis og innehalde refleksjonar over desse
f. ein gruppepresentasjon i kultur
Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Kvar disiplin vil utgjere 1/3 av den endelege karakteren: didaktikk, språk og kulturoppgåva. |