Semestre

MGL5-10EN2A Engelsk 2 A

Emnekode: 
MGL5-10EN2A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I Engelsk 2A for 5-10 blir fokus flytta frå lærarrolla til elevrolla, med vekt på tilpassa opplæring. Emnet gir innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar: særleg vekt vil ligge på aktivitetar og arbeidsmåtar som kan nyttast til å tilpasse undervisninga til einskildstudenten og til elevgrupperingar basert på kulturell, språkleg og anna variasjon. Kunnskap om fleirspråklegheit og måtar dette kan utnyttast på i klasserommet vil i denne samanhengen vere eit viktig moment. Praksis i andre året vil ligge på ungdomstrinnet, og emnet vil ta opp kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa samt kunnskap om deira språkutvikling.  Emnet omfattar kunnskap om overordna grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, litteratur- og tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språket si kulturelle forankring er også ein del av emnet, med ei kort innføring i språkhistorie. I tillegg omfattar emnet tekstar og kulturelle uttrykk som gjev perspektiv på framveksten av den engelskspråklege verda fram til slutten av 1700-talet. Desse skal medverke både til personleg og fagleg vekst og vere til bruk i undervisninga på mellom- og ungdomssteget. Studieturen til York (sjå under vilkår for å framstille seg til eksamen) vil vere sentral i høve til å utvikle dette historiske perspektivet, medvitet om språket si kulturelle forankring, og om fleirkulturelle samfunn.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har meir djuptgåande kunnskap om barn og unge si språklæring i eit 2. og 3.-språksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • har meir djuptgåande kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven og elevgrupper
  • har inngåande kunnskap om fleirspråklegheit som ressurs i klasserommet
  • har kunnskap om sentrale nasjonale og internasjonale dokument for engelskfaget
  • har kunnskap om eit utval digitale læremiddel og andre ressursar som kan fremje læring i engelskfaget, inkludert samskrivingsverktøy
  • har kunnskap om overordna engelske språklege strukturar, inkludert verbsystemet, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på dette området
  • har meir inngåande kunnskap om normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern
  • har kunnskap om den kulturelle forankringa til det engelske språket, inkludert grunnleggjande kunnskap om engelsk språkhistorie
  • har kjennskap til trekk ved samfunnsutviklinga i den engelskspråklege verda fram til slutten av 1700-talet
  • har kjennskap til eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå denne perioden, i original form og i moderne versjonar, og til moderne kunstuttrykk som omhandlar den same perioden, til både personleg vekst og undervisningsbruk

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke engelsk godt munnleg og skriftleg tilpassa ulike målgrupper, sjangrar og situasjonar med samanheng, flyt og presisjon. Emnet legg vekt på skriftleg språkferdigheit.
  • kan planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa, og som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene
  • kan analysere og reflektere over sentrale dokument i engelskfaget
  • kan aktivt gjere nytte av fleirspråklegheit i elevgruppa
  • kan velje ut og nytte eit utval digitale læremiddel og andre ressursar som kan fremje læring i engelskfaget, inkludert samskrivingsverktøy
  • kan på meir avansert nivå bruke kunnskap om engelsk språksystem til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane
  • kan identifisere og analysere sentrale trekk ved framveksten av engelsk språk og av engelskspråklege samfunn
  • kan tolke kunstformer frå eller om perioden fram til slutten av 1700-talet, og bruke litteratur og kulturuttrykk frå eller om perioden i klasserommet
  • kan reflektere over, drøfte og vurdere vitskaplege tekster relatert til fag og undervisning
  • kan gjere sikker bruk av normer for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern 

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske og digitale kompetanse
  • kan halde seg til normene for akademisk tekstproduksjon, ansvarleg kjeldebruk og personvern

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar. Ein studietur til Det norske studiesenteret i Storbritannia (York) inngår i emnet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar
  • deltaking i studietur til York
  • eitt munnleg innlegg om didaktikk/kultur/litteratur
  • ein kort tekst om historia til det engelske språket
  • eitt refleksjonsnotat om praksis
  • ei portefølje med tre tekstar som til slutt skal leverast som eksamen:
    • ei grammatikkoppgåve
    • ei didaktikkoppgåve
    • ei kultur/litteraturoppgåve

Av dei tre tekstane i porteføljen får studenten rettleiing på grammatikkoppgåva og ei av dei to andre oppgåvene. Den siste teksten skal skrivast på ein kortare tidsfrist i slutten av semesteret.

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Svenn-Arve Myklebost
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle
3 Pdf-filer:
Essay 1300-1500 ord, grammatikkoppgåve, heimeoppgåve 1300-1500 ord.
Godkjent av: 
Anne Øie