Semestre

MGL5-10EN2B Engelsk 2B

Emnekode: 
MGL5-10EN2B
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10EN1A Engelsk 1A
MGL5-10EN1B Engelsk 1B
Om emnet

Emnet Engelsk 2B utfyller perspektiva i Engelsk 2A på ulike måtar. Fokuset ligg framleis på eleven og engelsklæraren sitt møte med eleven, med noko meir vekt på spesifikke problem hjå einskildelevar og oppfølging av desse: tilpassa opplæring med læringsaktivitetar og arbeidsmåtar som kan nyttast i samband med dette er såleis framleis eit viktig element. Praksis vil også i tredje året ligge på ungdomstrinnet.

Emnet omfattar kunnskap om heilskaplege språkstrukturar i engelsk, med særleg vekt på munnleg kommunikasjon, og utvikling av eiga språkferdigheit, litteratur- og tekstkompetanse. Vi vil framleis arbeide med spørsmål kring språkets kulturelle forankring, men no med fokus på ulike notidige variantar av engelsk og engelsk som lingua franca. På kultursida har dette emnet eit historisk perspektiv. Emnet omfattar litterære tekstar, sakprosa og andre kulturelle uttrykk som gjev vidare perspektiv på globaliseringa av den engelskspråklege kulturen frå slutten av Romertida fram til det 21. hundreåret. Desse skal medverke både til personleg og fagleg vekst, og vere til bruk i undervisninga på mellom- og ungdomssteget.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har meir djuptgåande kunnskap om barn og unge si språklæring i eit 2. og 3.- språksperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
  • har meir djuptgåande kunnskap om korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven, med særleg fokus på tilpassing til elevar med spesifikke problem
  • har kunnskap om diskusjon og vurderingar kring val av læremiddel og andre opplæringsressursar, mellom anna digitale ressursar:
  • har kunnskap om læringsvideo, både i undervisinga og som verktøy i skulen, og varierte vurderingsformer og former for rettleiing
  • har kunnskap om engelsk språkbruk på Internett
  • har kunnskap om engelske språklege strukturar med vekt på munnleg kommunikasjon, bruk av talerytme og intonasjon, og om skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
  • har kunnskap om notidige variantar av engelsk og engelsk som eit internasjonalt lingua franca
  • har kunnskap om engelsk, med vekt på danninga av ein global engelskspråkleg kultur
  • har kjennskap til eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå eldre tider, i original form og i moderne versjonar, og til moderne kunstuttrykk som omhandlar den same perioden (t.d. historiske romanar), til både personleg vekst og undervisingsbruk
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke engelsk godt munnleg og skriftleg tilpassa ulike målgrupper, sjangrar og situasjonar med sammenheng, flyt og presisjon. Emnet legg vekt på munnleg språkferdigheit
  • kan legge til rette for og leie eit trygt heilskapleg læringsmiljø som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar
  • kan kritisk vurdere og velje mellom eit vidt spektrum av læremiddel, mellom anna digitale, for m.a. å tilpasse opplæringa til kvar einskilt elev
  • kan bruke undervegs- og sluttvurdering for å rettleie elevar i deira utvikling, med bruk av varierte, digitale vurderings- og rettleiingsverktøy
  • kan bruke kunnskap om engelsk språksystem, og språkbruk på Internett, til å justere eigen språkbruk og for å leggje til rette for elevane si språklæring og rettleie språkbruken til elevane, med vekt på det munnlege
  • kan identifisere og analysere sentrale trekk ved utviklinga i engelskspråklege samfunn frå Romertida fram til det 21. hundreåret med vekt på danninga av ein global engelskspråkleg kultur
  • kan tolke litterære tekstar og kunstformer frå eller om perioden og kan bruke litteratur og kulturuttrykk frå eller om perioden i klasserommet
  • har tileigna seg dugleik i akademisk skriving
  • kan analysere relevant forsking og formidle eit samansett fagstoff 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over eiga læring og praksis når det gjeld etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • kan halde ved like og utvikle sin eigen språklege, kulturelle, didaktiske og digitale kompetanse
  • kan vise faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
  • forheld seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi HVO sine digitale læringsressursar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

 Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

Arbeidskrav:

  • Ei språkprøve
  • Ein 20 minutts munnleg presentasjon (med IKT-støtte) over eit tema vald i samråd med faglærar, etterfølgt av spørsmål frå resten av klassen
  • Ei skriftleg oppgåve på 1200-1500 ord over eit tema vald i samråd med faglærar

Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Elaheh Tavakoli
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Tillate hjelpemidel: Notatar frå førebuingsprosessen
Munnleg eksamen varar opp til ein halv time. Studentane får kjennskap til tema ei veke før eksamen.
Godkjent av: 
Arne Myklebust