Semestre
MGL5-10FOUNO FoU-oppgåve i norsk
FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt forskingsarbeid i norsk didaktikk i tredje studieår. Den skal ta for seg ei problemstilling som er sentral i læraryrket og for norskfaget i grunnskulen.
Gjennom arbeidet med FoU-oppgåva skal studentane få erfaring med sjølvstendig kritisk refleksjon og argumentasjon. Oppgåva skal skrivast i samsvar med allmenne krav til vitskapleg arbeid. Eit viktig grunnlag for dette arbeidet er ei innføring i sentrale område innan vitskapsteori og forskingsmetode.
Studentane får rettleiing i arbeidet med FoU-oppgåva. Val av tema og problemstilling vert gjort av den enkelte student i samråd med faglærarar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innanfor utdanningsforsking
- har inngåande kunnskap om det temaet som den einskilde har fordjupa seg i
Studenten
- har tileigna seg ferdigheiter i akademisk skriving
- kan bruke relevant forsking i formidlinga av eit samansett fagstoff om det valte emnet
- kan drøfte og ta del i faglege diskusjonar om eige og andre sitt FoU-arbeid
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar
- kan ta del og engasjere seg i debattar om norskdidaktikk og læring
Emnet er organisert slik at studenten skal kunnskapar og ferdigheiter gjennom å delta på undervisning, rettleiing og seminar, og arbeide med eiga FoU-oppgåve.
Det er obligatorisk undervisning. Det er også obligatorisk rettleiing på arbeidet med FoU-oppgåva. Studentar skal delta aktivt i all rettleiing. Studenten skal også presentere FoU-prosjektet sitt på FoU-seminaret for medstudentar og faglærarar.
- Skriftleg utkast til tema og kunnskapsgrunnlag
- Munnleg presentasjon av FoU-oppgåva på FoU-seminaret.
- Innlevering av fyrsteutkast av FoU-oppgåva
- Deltaking på rettleiing av FoU-oppgåva
Det er obligatorisk frammøte til all undervising i emnet.
Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student har to forsøk til å få godkjent eit arbeidskrav, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Omfang: 4000 ord (+/- 10 %) |