Semestre
MGL5-10KRLE Kristendom, religion, livssyn og etikk
Ingen
Emnet gir historisk og aktuell kunnskap om kristendom, religionar, livssyn, filosofi og etikk og er didaktisk vinkla retta mot KRLE-undervisning på 5.- 10. årssteg. Emnet gir studentane nødvendig religions- og kulturkompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer. Oppøving i kritisk tenking samt forståing av dagens globale og digitalt samanvevde samfunn er eit perspektiv i emnet. Gjennom litteratur, arbeidsmåtar og arbeidskrav i emnet vil studentane også få kunnskap om og ferdigheiter i tilpassa undervisning, vurdering og grunnleggande ferdigheiter.
Kristendomskunnskap gir kunnskap om Bibelen, forteljingar frå kristen tradisjon, kristen truslære og kristne praksisar. Denne delen gir også innblikk i ulike kyrkjesamfunn og kristendomens historie frå og med reformasjonen og framover.
Religions- og livssynskunnskap gir kunnskap om tekstar, lære, praksisar, etikk, estetikk og historisk utvikling i jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet, samisk religion og ikkje-religiøse livssyn.
Etikk og filosofi gir kunnskap om grunnlagsetiske teoriar og elevorientert områdeetikk og lærarens yrkesetiske rolle, om nyare filosofihistorie, filosofisk og religiøs etikk, menneskesyn og filosofisk samtale.
Fagdidaktikk gir kunnskap om religions- og livssynsundervisning i dagens fleirkulturelle samfunn, og om KRLE-fagets eigenart og historie. Fagdidaktikken gir kunnskap om og ferdigheiter i eit variert spekter av arbeids- og vurderingsmåtar i faget med tanke på undervisning på 5.-10. årssteg. Gjennom emnet drøftast samanhengen mellom ungdom sine oppvekstvilkår og danning. Den fagdidaktiske refleksjonen speglar dei kulturelle tilhøva som elevane veks opp i.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om religionar og livssyn, deira mangfald og ulike retningar, trusinnhald, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendomen
- har kunnskap om rolla til religionar og livssyn i det globale samfunnet
- har kunnskap om religionshistorie, med vekt på historia til kristendomen frå og med reformasjonen og framover
- har kunnskap om modernitet, pluralisering, sekularisering og religions- og livssynskritikk
- har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk og aktuell kontekst, og ulike sekulære menneskesyn
- har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
- har kunnskap om barn og ungdom sine oppvekstvilkår og danningsprosessar og medias moglege påverknad på desse
- har kunnskap om nyare filosofihistorie og om etiske teoriar
- har kunnskap om grunnskulefagets historie, grunngjeving, innhald, føremål og didaktiske utfordringar
- har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
- har kunnskap om ulikskapar og likskapar mellom religiøse tradisjonar og sekulære livssyn
- har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar og vurderingsformer i faget relevante for 5.-10. årssteg
- har kunnskap om nyare forsking og forskingsmetodar knytt til KRLE-faget i praksis
- har kunnskap om moglege verknader av medialisering av religion
Studenten:
- kan planleggje og gjennomføre KRLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei globale og fleirkulturelle utfordringane
- kan reflektere kritisk over fag, læremiddel, undervisning og vurdering i faget på ein måte som fremjar læring hos elevane og eiga utvikling i yrkesutøvinga
- kan setje seg inn i unge sine tankar og førestellingar om eksistensielle, etiske, religiøse og filosofiske spørsmål og ha dialog med dei om dette
- kan integrere dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga og kombinere objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar
- kan samarbeide og ha dialog med andre lærarar, med elevar og heimar og lokalmiljøet og gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til trus- og livssynsbakgrunnen til elevane
- kan nytte etiske teoriar i høve til aktuelle profesjonsetiske og elevorienterte problemstillingar
- kan kritisk vurdere digitale læremiddel, kjelder og digitale arenaer med fokus på etikk og læring i faget
- har ferdigheiter i akademisk skriving og kan nytte nokre grunnleggjande forskingsmetodar i møte med KRLE-faget i praksis
Studenten:
- kan drøfte individuelle og samfunnsmessige sider ved religion og livssyn, samt reflektere over regionale skilnader
- har grunngjevne synspunkt om læraren som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn
- kan gjere greie for og ta stilling til etiske spørsmål som gjeld skulen og elevane
- kan reflektere kritisk over skulefaget og formidle forsking om barn, religion og livssyn
Undervisninga består av forelesingar i klasserom og ulike typar studentaktivitet, som gruppearbeid, munnlege framlegg, seminar og ekskursjonar. Det er obligatorisk frammøte (80%), jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Midt i semesteret tilbyr vi studietur til London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular.
Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte (80%), jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent to munnlege arbeidskrav
- ha fått godkjent tre innleveringar på inntil 1500 ord innan fastsett frist. Ei av desse innleveringane skal vise digitaldidaktisk kompetanse
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | 2500 ord. | ||
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 |