Semestre

MGL5-10MA2B Matematikk 2B: Innføring i matematikkdidaktisk forsking

Emnekode: 
MGL5-10MA2B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Mathematics 2B: Introduction to research in mathematics education
Emnenavn på bokmål: 
Matematikk 2B: Innføring i matematikkdidaktisk forskning
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10MA1A2 Matematikk 1A: Tal, statistikk og sannsyn
MGL5-10MA1B2 Matematikk 1B: Geometri og algebraisk tenking
Om emnet

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. trinn. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk, og vere med å utvikle og forme matematikkfaget. Emnet er ei innføring i matematikkdidaktisk forsking, og inkluderer korleis ein kan nytte forsking for å grunngje didaktiske val i matematikkundervisinga.

Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5–10.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten   

  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si matematikklæring i grunnskulen 
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen 
Ferdigheiter

Studenten  

  • kan formidle spesialkunnskap i eit utvalt matematikkdidaktisk emne relevant for grunnskuletrinna 5–10 
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid 
  • kan bruke ulike arbeidsformer i faget forankra i teori og eigne erfaringar 
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning 
  • kan bruke matematikkdidaktiske kunnskapar på ein sjølvstendig måte 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet.

Det vert lagt vekt på at studentane skal bli kjende med matematikkdidaktisk forsking både gjennom presentasjonar og eige arbeid med litteraturen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane. 

Arbeidskrav: Munnleg presentasjon av ein fagartikkel, og eitt skriftleg arbeid.

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Ingeborg Katrin Lid Berget
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Silje Ims Lied