Semesters
MGL5-10MA2B Matematikk 2B: Innføring i matematikkdidaktisk forsking
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. trinn. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk, og vere med å utvikle og forme matematikkfaget. Emnet er ei innføring i matematikkdidaktisk forsking, og inkluderer korleis ein kan nytte forsking for å grunngje didaktiske val i matematikkundervisinga.
Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5–10.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si matematikklæring i grunnskulen
- har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
Studenten
- kan formidle spesialkunnskap i eit utvalt matematikkdidaktisk emne relevant for grunnskuletrinna 5–10
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
- kan bidra i lokalt læreplanarbeid
- kan bruke ulike arbeidsformer i faget forankra i teori og eigne erfaringar
Studenten
- kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
- kan bruke matematikkdidaktiske kunnskapar på ein sjølvstendig måte
Emnet krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet.
Det vert lagt vekt på at studentane skal bli kjende med matematikkdidaktisk forsking både gjennom presentasjonar og eige arbeid med litteraturen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.
Arbeidskrav: Munnleg presentasjon av ein fagartikkel, og eitt skriftleg arbeid.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |