Semestre

MGL5-10MA3A Matematikk - eigenart, læring og undervisning

Emnekode: 
MGL5-10MA3A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10MA2A Matematikk 2A: Matematisk argumentasjon og bevis
MGL5-10MA2B Matematikk 2B: Innføring i matematikkdidaktisk forsking
MGL5-10FOUMA FoU-oppgåve i matematikk
Om emnet

For matematikklærarar på 5.–10. steg er det viktig med god forståing av kva det vil seie å ha matematisk kompetanse og korleis ein best kan legge til rette for at elevar på desse stega kan oppnå slik kompetanse. Dette emnet legg grunnlaget for at studentane skal oppnå slik forståing. Emnet tek opp kva matematikkens eigenart er, matematikk og matematikkdidaktikk som vitenskapsfag og ulike modellar for matematisk kompetanse. Læringsteoriar vert belyst ut frå eit matematikkdidaktisk perspektiv. Det vert særleg lagt vekt på ulike representasjonsformer og semiotiske modellar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane

  • har inngåande kunnskap om matematikkens eigenart, samfunnsmessig og kulturelle funksjon
  • har inngåande kunnskap om kva det betyr å lære matematikk for elevar på 5.–10. steg og kan sjå dette i lys av ulike læringsteoriar
  • har djupnekunnskap om ulike representasjonsformer og semiotiske modellar
  • har inngåande kunnskap om ulike strategiar, strategifattigdom, matematikkvanskar og førebygging av matematikkvanskar for elevar på 5.–10. steg
Ferdigheiter

Studentane

  • kan legge til rette for tilpassa undervisning for elevar på 5.–10. steg basert på forskingskunnskap
  • kan kartlegge og analysere elevar sin kompetanse/kunnskap og med utgangspunkt i dette vidareutvikle deira matematiske forståing
Generell kompetanse

Studentane

  • kan gjere greie for matematikken sin eigenart, læring og undervisning
  • kan bidra aktivt i diskusjon og utvikling av matematikk som skulefag
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Presentasjon av eit feltarbeid.
  2. Resymé av vitskapleg artikkel.
  3. Aktiv deltaking i seminara om vitskaplege artiklar.

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Ingeborg Katrin Lid Berget
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust