Semestre

MGL5-10MA3C Problemløysing og modellering i matematikk

Emnekode: 
MGL5-10MA3C
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10MA2B Matematikk 2B: Innføring i matematikkdidaktisk forsking
MGL5-10MA2A Matematikk 2A: Matematisk argumentasjon og bevis
MGL5-10FOUMA FoU-oppgåve i matematikk
Om emnet

Matematikk vert brukt som reiskap i problemløysing i ulike samanhengar, både innanfor og utanfor matematikken sine eigne grenser. Matematisk modellering står ofte sentralt når matematikk vert nytta slik. Problemløysing og modellering er også viktige i eit læringsperspektiv; det ligg godt til rette for individuell elevtilpassing og inkludering i begge temaområda. Temaet vert analysert teoretisk og gjennom praktisk øving. I øvingane vert munnleg og skriftleg kommunikasjon, som er grunnleggjande ferdigheiter i faget, vektlagt. Bruken av verktøy er sentralt i modellering, særleg digitale verktøy. Tenleg bruk av verktøy i samband med modellering og læring vert handsama.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • skal ha inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk problemløysing både som reiskap og som del av læringsprosessar
  • skal ha inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om matematisk modellering brukt som verktøy for å løyse praktiske problemstillingar og som del av læringsprosessar
  • skal ha inngåande kunnskap i bruk av verktøy i samband med problemløysing og modellering
  • skal ha inngåande kunnskap om bruk av problemløysing og modellering i matematikkfaget
Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne bruke digitale verktøy i problemløysing og matematisk modellering
  • skal kunne konstruere, tolke og vurdere enkle matematiske modellar i samband med praktiske problemstillingar
  • skal kunne nytte matematiske problemløysingsmetodar
  • skal kunne bruke matematisk problemløysing og modellering i arbeid med tilpassa opplæring og inkludering for elevar frå 5. – 10. steget, og kunne vurdere slik bruk
  • skal kunne analysere elevar sine munnlege ytringar og matematiske tekstar
Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunne dokumentere og evaluere arbeid med problemløysing og modellering i skulen
  • skal kunne ta aktiv del i faglege og utdanningspolitiske diskusjonar knytt til problemløysing og modellering
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  1. Individuell eller gruppevis skriftleg og munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum.
  2. Eit større arbeid med å lage ein matematisk modell innanfor eit sjølvvalt emne. Omfang om lag 3000 ord. Det skal brukast digitale verktøy.

Eit eige notat med detaljane i arbeidskrava vert utlevert ved studiestart.

Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Leif Bjørn Skorpen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
40 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust