Semestre
MGL5-10NO3A Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg emne som gir studentar teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen gir. Det faglege innhaldet er konsentrert om fleirspråklegheit, kulturelt mangfald og andrespråksdidaktikk, med vekt på analyse og diskusjon av antirasistisk, inkluderande og tilpassa pedagogisk praksis for 5.-10. trinn. Begynnaropplæring i lesing og skriving for nykomne elevar står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- avansert kunnskap om inkludering og tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen
- inngåande kunnskap om fleirspråklegheit og om samanhengar mellom språk og læring
- forskingsbasert kunnskap om kva som kjenneteiknar kvalitet i den faglege og språklege opplæringa for elevar som held på å lære norsk
- inngåande kunnskap om arbeid med utvikling av eit antirasistisk, fleirkulturelt og fleirspråkleg innhald i undervisninga
- inngåande profesjonsretta kunnskap om korleis ein kan arbeide med ord- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv
- avansert kunnskap om lese- og skriveforsking og didaktiske perspektiv på lese- og skriveutvikling når norsk er andrespråket
Studenten kan
- kritisk analysere og drøfte pedagogisk praksis i lys av antirasisme, inkluderingsomgrepet og prinsippet om tilpassa opplæring for fleirspråklege elevar
- nytte forskingsbasert kunnskap til å arbeide fram innhald, arbeidsmåtar og organisering som fremjar tilpassa språkleg og fagleg opplæring for fleirspråklege elevar
- meistre didaktiske tilnærmingar som gir moglegheit for god lese-, skrive-, ordforråds- og omgrepsutvikling for elevar med fleirspråkleg bakgrunn
- analysere og nytte relevant kartleggingsverkty i arbeid med tilpassa opplæring for elevar som lærer norsk
- nytte språkleg og kulturelt mangfald i arbeid med å tilpasse innhaldet i undervisninga
- uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar
Studenten kan
- på ein kvalifisert måte engasjere seg i den faglege og språklege utviklinga som mangfaldet av fleirspråklege elevar kan ha
- kritisk analysere og vurdere læringsmiljøet med særleg merksemd på språkleg og kulturelt elevmangfald, og kan nytte relevant profesjonsfagleg kunnskap som bidrag til nødvendig endring
Arbeidsformene vil variere mellom plenumsundervisning, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.
Frammøtekrav:
Det er krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei individuell skriftleg oppgåve på 1200 - 1400 ord knytt til analyse av eit empirisk basert datamateriale
- Eit gruppebasert munnleg innlegg knytt til analyser av språkleg og kulturelt innhald i opplæringa
- Deltaking i alle seminara knytt til arbeidskrava
Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |