Semestre
MGL5-10NO3C Lese- og skrivekunne
Emnet vektlegg forsking på den andre lese- og skriveopplæringa, språkutvikling og lesing og skriving som grunnleggjande kompetansar. Vidare tek studiet for seg ulike perspektiv på literacy-omgrepet, og korleis ein kan utvikle engasjement og kritisk tenking for ulike elevgrupper frå 5.-10. klasse. Sentrale studiefelt vil vere literacy-omgrepet, lese- og skrivekunne på bokmål og nynorsk, arbeid med multiple tekstar, leseforståing, lesestrategiar og munnleg kompetanse.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har avansert profesjonsretta kunnskap i norskfaget, og spesialisert innsikt om lesing og skriving i eit multimodalt perspektiv på mellom- og ungdomssteget
- har inngåande kunnskap om utvikling av munnleg kompetanse på mellom- og ungdomssteget
- har inngåande profesjonsretta kunnskap om forsking på literacy- og lesing og skriving som læringsreiskapar i norskfaget og tilpassa alle elevar sine føresetnader og behov i eit mangfaldig klasserom
- har inngåande kunnskap om lesing og skriving som heilskapleg kompetanse: nynorsk og bokmål, hovudmål og sidemål på mellom- og ungdomssteget.
- kan utvikle kunnskap om korleis elevar handsamar ulike kjelder kritisk på internett og i ulike medium for å fremje djupnelæring
- har kunnskap om varierte undervisningsmetodar og korleis differensiering og tett oppfølging og progresjon i undervisning kan medverke til elevar si læring
Studenten
- kan undervise og legge til rette for lese- og skriveopplæring for ulike elevgrupper med vekt på mellom- og ungdomssteget
- kan utvikle, gjennomføre og evaluere fagleg forankra og forskingsbasert opplæring som sikrar alle elevar sin faglege progresjon innan lese- og skrivefeltet
- kan vurdere digitale uttrykk kritisk, og bruke ulike kartleggingsverktøy, testar og prøver i lesing og skriving
- kan reflektere over korleis multimodale ytringar utvidar tekstomgrepet og vilkåra for kommunikasjon og kunne nyttiggjere seg dette i klasserommet
- kan på avansert nivå nytte læringsorientert vurdering og kan bidra til at elevene lærer å reflektere over eiga læring og utvikling
- kan på avansert nivå bidra til at elevane lærer å reflektere over eigen læring
- kan på avansert nivå vurdere digitale uttrykk og ressursar kritisk og bruke dei i opplæringa på måtar som styrkar og utviklar norskfaget
Studenten
- Beherskar uttrykksformene til norskfaget på ein avansert og kritisk måte, og kan formidle fagleg avansert forskings- og utviklingsarbeid til ulike målgrupper
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, munnlege presentasjonar og arbeid individuelt og i mindre grupper.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Førebuing til og gjennomføring munnleg presentasjon på 15 min. av ein sjølvvald artikkel frå litteraturlista. Studenten skal presentere og reflektere over artikkelen i lys av eigen praksis og/eller anna faglitteratur. Det skal også leverast ein skriftleg tekst i form av støtteark eller ein power point som støtte til den munnlege presentasjonen som også blir vurdert til stått/ikkje stått. I tillegg skal studenten vere opponent til ein medstudent sin presentasjon og kommentere og reflektere kritisk konstruktivt gjennom munnleg og skriftleg respons.
Det vil bli gjort greie for detaljane i arbeidskravet i eit eige notat som blir utlevert ved studiestart.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Individuell 2 vekers heimeoppgåve på 4000 ord knytt til teori og didaktisk refleksjon. Studentane skal skrive på nynorsk. | 4000 ord |