Semestre
MGL5-10PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 5 – 10. Emnet bygger på faget Pedagogikk og elevkunnskap 1, og inneheld 11 stp. pedagogikk og 4 stp. religion, livssyn og etikk.
Emnet tek føre seg elevmangfaldet og tilrettelegging for læringsprosessar for elevar på 5. – 10. trinn. Det er den lærande eleven som er i sentrum, der kvar elev med sine unike personlege, sosiale og kulturelle føresetnader for læring er ein del av ein fellesskap. Forskingsbasert kunnskap om arbeid med inkluderande og tilpassa opplæring, læring individuelt og i samspel står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- sentrale pedagogiske prinsipp for fremjing av inkludering og tilpassa opplæring
- sosialisering, danning og identitetsutvikling i lys av språkleg, kulturelt, religiøst og livssynsmessig mangfald
- samarbeid mellom heim og skule
- sentrale trekk i religionar og sekulære livssyn som har særleg relevans for skulekvardagen
- skulen i møte med samisk urbefolkning og nasjonale minoritetar
- innhaldet i og grunngjevingane for sentrale reguleringar som gjeld elevar og deira rettar
- elevane si utvikling av motivasjon og læringsstrategiar
- identitetsutvikling og sjølvoppfatning knytt til ungdomstid
- utfordringar og moglegheiter knytt til tilpassa opplæring for elevar som har lærevanskar
- observasjon som forskingsmetode
Studenten kan
- bruke kunnskap om elevmangfaldet og individuelle føresetnader for å skape tilpassa opplæring og inkluderande læringsmiljø
- forklare forholdet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning
- planlegge undervisning som fremjar samhandling og respekt på tvers av religiøse og livssynsmessige skilje
- legge til rette for godt samarbeid mellom skule og heim
- analysere observasjonsdata og relevant forsking
- formidle eit samansett fagstoff på ein kvalifisert måte, munnleg, skriftleg og didgitalt
Studenten kan
- legge til rette for ei undervisning og eit læringsmiljø som fremjar inkludering gjennom fellesskap, deltaking, medbestemming og utbytte for alle elevar
- bruke kunnskap om kva religion og livssyn har å seie for individ og samfunn i undervisning og i ulike samarbeidsrelasjonar
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsundervisningar som gir faglege innføringar, formidling og seminar med studentaktivitet, rettleiing frå faglærar, arbeid i gruppe og individuelt. Det vert lagt vekt på arbeidsmåtar som gir studentane moglegheit til å utvikle ferdigheiter dei treng i læraryrket, som å analysere, formidle, kommunisere, samarbeide, drøfte og lede.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei gruppebasert oppgåve knytt til praksis og til munnlege og digitale framstillingsmåtar
- Eit munnleg, individuelt arbeid knytt til det fleirfaglege temaet “Den fleirkulturelle skulen”
- Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytta til arbeidskrava
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |