Semestre

MGL5-10PE3 Pedagogikk og elevkunnskap 3: Den profesjonelle læraren i møte med elevmangfaldet og andre samarbeidspartnarar

Emnekode: 
MGL5-10PE3
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei første tre åra i Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10. 

Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Pedagogikk og elevkunnskap, grunnskulelærarutdanninga trinn 5-10. Emnet er tredje del av faget Pedagogikk og elevkunnskap.

Emnet bygger på dei to første emna i PEL- faget i grunnskulelærarutdanninga for trinn 5-10. Det omhandlar sentrale oppgåver for den profesjonelle, forskande og etisk handlande læraren i møte med elevmangfaldet og samarbeidspartnarar. Ein utvidar no perspektivet frå å gjelde lærarrolla og mangfaldet av elevar, til også å omhandle læraren som deltakar i ein profesjonell fellesskap. Emnet inneheld generell kunnskap om individuelt og kollektivt endrings- og utviklingsarbeid i skulen som organisasjon, profesjonsetiske utfordringar og samarbeid med heimen og andre aktørar. Emnet tek føre seg pedagogiske og profesjonsetiske utfordringar knytt til elevmangfaldet. Ein ser nærare på korleis skulen møter elevar som har ulike utfordringar når det gjeld utvikling og læring, og korleis ein kan arbeide for å gje desse elevane eit likeverdig opplæringstilbod.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • grundig kunnskap om etisk teori, lærarprofesjonen sin etiske plattform og profesjonsetiske utfordringar i skulen
  • inngåande kunnskap om fellesskapets betydning for elevane sine læringsprosessar, og om betydinga av skulen sitt samarbeid med heimen
  • kunnskap om forskingsbaserte utviklings- og endringsprosessar i skulen
  • inngåande kunnskap om varierte vurderingsformer som grunnlag for tilpassa opplæring, vurdering av eigen praksis og utviklingsarbeid
  • grundig kunnskap om metakognisjon og sjølvregulering
  • kunnskap om utfordringar og moglegheiter knytt til tilpassa opplæring for elevar som har åtferdsutfordringar og sosioemosjonelle vanskar  
  • avansert kunnskap om korleis konfliktar og mobbing kan førebyggast og handterast
Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere og kritisk vurdere profesjonsetiske utfordringar frå skulekvardagen med utgangspunkt i etisk teori og skulen sitt verdigrunnlag
  • initiere og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heim og med andre aktørar relevante for skulen si verksemd
  • ta ansvar for samarbeid og delta i utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skulen og kritisk vurdere arbeidet
  • anvende forskingsbasert kunnskap til å førebygge, analysere og sette i verk tiltak som skal motverke mobbing
Generell kompetanse

Studenten

  • kan identifisere og analysere komplekse etiske situasjonar og ta velgrunna handlingsval
  • kan kritisk analysere og vurdere læringsmiljøet, med særleg merksemd på elevmangfaldet, og i samarbeid med andre bidra til nødvendig endring
  • skal på eit avansert nivå kunne formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid.

Studentane skal gjennomføre to skriftlege arbeidskrav, der eit av dei skal innehalde ulike modalitetar (t.d. tekst, bilde, video, lyd, grafisk framstilling).  Desse arbeidskrava skal danne grunnlag for ein mappeeksamen. Studentane får i denne eksamensforma vise breidde i sin kompetanse, både når det gjeld faginnhald, og formidling. For å knytte munnlege ferdigheiter også til tema som er behandla skriftleg skal studentane delta i seminar i samband med dei skriftlege oppgåvene.

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
  2. To skriftlege oppgåver, der ei av dei inneheld ulike modalitetar
  3. Aktiv deltaking i alle seminar knytt til dei skriftlege oppgåvene

Nærare retningslinjer om arbeidskrav vert gitt i semesterplanen i starten av semesteret. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Synnøve Moltudal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ein individuell mappeeksamen med to innleverte arbeidskrav
Godkjent av: 
Silje Ims Lied