Semestre

MGL5-10PR2 Praksis 2, 25 dagar

Emnekode: 
MGL5-10PR2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10PR1 Praksis 1
Om emnet

Tema for praksis 2 er: 

  • Elevrolla 
  • Elevmangfald 
  • Tilpassa opplæring
  • Overgang frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring

Studentane har praksis på ungdomssteget andre studieår.

    Læringsutbytte

    I tillegg til læringsutbytte i praksis frå tidligare år, og i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

    Kunnskapar

    Studenten har kunnskap om: 

    • elevføresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring 
    • tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurdering som fremmer gode læreprosessar 
    • klasseleiing og kommunikasjons- og relasjonsarbeid
    • det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgang frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring
    Ferdigheiter

    Studenten kan: 

    • planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning 
    • leie gode læreprosessar 
    • bruke ulike kartleggingsverktøy til å gi læringsfremmande tilbakemeldingar og tilpassa opplæring 
    • bruke relevante læremiddel, ressursar og digitale verktøy og gjennomføre opplæring som fremmer elevane si digitale kompetanse 
    Generell kompetanse

    Studenten kan: 

    • delta aktivt i rettleiing og nytte tilbakemeldingar til eigen utvikling 

    Praktisk organisering og arbeidsmåtar

    Felles for alle årssteg: 

    Studentane vert delte i grupper på to til fire studentar, og dei er på same praksisskulen og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og oppfølgingslærar frå høgskulen, og praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. 

    I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar frå høgskulen får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis. 

    Andre studieår: 

    Det vert lagt opp til progresjon frå første til andre studieår ved at studentane no får eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning, og dei skal delta meir aktivt i rettleiing av kvarandre.
    Overgangar i utdanningsløpet er ein del av praksisstudiet og nokre praksisdagar kan bli lagt til barnehage.

    Vurdering:

    Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med oppfølgingslærar frå høgskulen og rektor ved praksisskulen.
    Studentane får: 

    • Skriftleg midtvegsvurdering. 
    • Skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått

    Rutiner for ikkje stått

    • Praksislærar nytter eige varselskjema ved fare for ikkje stått. 
    • Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar. 
    • Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten normalt avbryte studiet
    Vilkår for å framstille seg til eksamen

    Det er obligatorisk frammøte til førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid kan føre til krav om kompensatorisk arbeid.  

    I tillegg skal studentane: 

    • Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas 
    • Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis. 

    Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

    Sensorordning
    Maksimumstal: 
    70
    Emneansvarleg: 
    Kjersti Markegård
    Emnet inngår i følgande studieprogram
    • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
    VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
    Praksis
    Individuell
    Semester
    Stått eller ikkje stått
    Godkjent av: 
    Silje Ims Lied