Semestre

MGL5-10PR3 Praksis 3, 30 dagar

Emnekode: 
MGL5-10PR3
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10PR2 Praksis 2, 25 dagar
Om emnet

Praksis 3 er på 30 dagar og er fordelt på tre praksisperioder.  Inntil 5 dagar er via overgang frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring, med fagdag og praksis i vidaregåande skule. 

Hovudtema for praksis tredje studieår er: 

  • Elevmangfald 
  • Skulen som organisasjon 
  • Overgang frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring 
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:  

  • Kontaktlærarrolla 
  • Det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgang frå barnehage til skule, og frå barnesteg til ungdomssteg 
  • Arbeidsmåtar og vurdering som fremmer  inkluderande klasse- og læringsmiljø 
  • Kulturelt, språkleg, religiøst og sosialt mangfald 
  • Skulen som organisasjon 
Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • Vurdere relevante læremiddel, ressursar og digitale verktøy som blir brukt i opplæringa for å fremme  elevane si digitale kompetanse 
  • Drøfte undervisning og læring på bakgrunn av profesjonsetiske perspektiv 
  • Identifisere og drøfte tiltak mot mobbing og trakassering for å bidra til positiv utvikling av skulen sitt læringsmiljø 
Generell kompetanse

Studenten:  

  • Kan engasjere seg i skulen sitt internasjonale og fleirkulturelle arbeid 
  • Kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar 
  • Har utvikla eigen læraridentitet, kommunikasjons- og relasjonskompetanse 
  • Kan delta aktivt i rettleiing i praksis og bidra med å analysere og vurdere relevante faglege og profesjonsetiske problemstillingar 
  • Har endrings- og utviklingskompetanse som bidreg  til samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Felles for alle studieår: 

Studentane vert delte i grupper på tre til fire studentar, og dei er på same praksisskulen og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og faglærar ved høgskulen, og praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. Det blir nytta digitale rettleiingsverktøy i praksis. 

I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og faglærarar ved høgskulen får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis.  

Tredje studieår: 
Studentane skal i praksis i 3. studieår få undervisningsansvar for lengre sekvensar, som til dømes å følgje same faget fleire timar etter kvarandre eller å ha ansvaret for all undervisning heile dagar. Omsynet til elevmangfaldet tyder at studentane skal få erfaringar med å differensiere undervisninga, og få kunne møte elevar med ulike føresetnader på deira premissar. Det føreset også ein bevisst og målretta vurderingspraksis. Å skape gode relasjonar til elevane  er ei anna side ved praksisen dette året. For å kunne lukkast med det, er det nødvendig at studentane skaffar seg kunnskapar om elevane. Det skal skje dels ved at studentane får del i dei kartleggings-prosessane og den kunnskapen skulen sit med om elevane, og dels skal det skje gjennom observasjonar og analysar av fagleg arbeid som elevane gjer, og gjennom elevsamtalar. 

Før tredje praksisperiode er det obligatorisk deltaking på fagdag med fokus på overgang barnesteg - ungdomssteg og overgang ungdomssteg - vidaregåande skule.  

Vurdering:

Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med faglærar ved høgskulen og rektor ved praksisskulen. 
Studentane får: 

  • Skriftleg midtvegsvurdering etter haustpraksis. 
  • Skriftleg sluttvurdering etter vårpraksis med karakteren stått/ikkje stått

Rutiner for ikkje stått

  • Praksislærar nytter eige varselskjema ved fare for ikkje stått. 
  • Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar. 
  • Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten normalt avbryte studiet
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid vil kunne føre til krav om kompensatorisk arbeid.  

I tillegg skal studentane: 

  • Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas 
  • Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis. 

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Ivar Hagen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
30 Dagar
Stått eller ikkje stått
Godkjent av: 
Arne Myklebust