Semestre

MGL5-10SP3 Spesialpedagogikk 3: Spesialpedagogrolla i skulen

Emnekode: 
MGL5-10SP3
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning
MGL5-10PE2 Pedagogikk og elevkunnskap 2: Den lærande eleven i elevmangfaldet
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 5-10 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk. 

Dette emnet er konsentrert om rolla som spesialpedagog i skulen. Emnet byggjer vidare på innhaldet i dei to første emna i Spesialpedagogikk og Pedagogikk og elevkunnskap. Det utvidar perspektivet til å handle om spesialpedagogen og spesialpedagogisk profesjonsutøving. Lærarar med høg spesialpedagogisk kompetanse kan ha mange roller og oppgåver i skulen. Det kan innebere å planlegge og gjennomføre spesialundervisning, legge til rette for eit godt læringsmiljø for elevar som strevar, vere rådgjevar og rettleiar for kollegaer, samarbeide med eksterne fagpersonar og å vere aktiv aktør i  endrings- og utviklingsarbeid. Målet er å skape gode samanhengar og samband mellom ordinær opplæring og spesialundervisning. Viktige tema i emnet er difor korleis lærar med både spesialpedagogisk og allmennpedagogisk innsikt kan styrke opplæringa for elevar som strevar.. Det kan dreie seg om korleis spesialpedagogen på klassestega 5-10 kan arbeide for å gje ei god, opplæring utifrå eleven sine føresetnader både fagleg, sosialt og emosjonelt, i samarbeid med heimen, kollegaer og det  spesialpedagogiske hjelpeapparatet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har analytisk kunnskap om korleis skape gode samband mellom spesialundervisning og ordinær opplæring 
  • har inngåande forskingsbaserte kunnskapar om utfordringar og dilemma i skulen knytt til ulike aspekt ved rolla som spesialpedagog i skulen
  • har kunnskap om kartlegging og betydning av kartlegging
  • har avansert kunnskap om utfordringar og moglegheiter i samband med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid knytt til gjennomføring og evaluering av spesialpedagogiske tiltak
  • har kunnskap om profesjonsetiske dilemma i spesialundervisning
  • har brei kunnskap om relevant profesjonsretta forsking
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan gå inn i dei ulike rollene som lærar med høg spesialpedagogisk kompetanse i skulen
  • kan analysere og vurdere elevar sin skulesituasjon og bruke sin allmennpedagogiske og spesialpedagogiske kunnskap for å betre ordinær opplæring og spesialundervisning for elevar som strevar
  • kan reflektere over og drøfte sentrale og dagsaktuelle spesialpedagogiske dilemma
  • kan kritisk analysere og vurdere bruken av ulike spesialpedagogiske tiltak i planlegging, gjennomføring og evaluering
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har kompetanse til å kunne utvikle og betre opplæringa i skulen med utgangspunkt i dei ulike rollene som spesialpedagogen har 
  • har kompetanse til å kunne reflektere over eigen og skulen sin praksis kring undervisninga for elevar som strevar
  • skal analysere og formidle eit samansett fagstoff munnleg og skriftleg
  • kjenner til og brukar aktuelle styringsdokument i det spesialpedagogiske arbeidet i skulen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil variere mellom plenumsundervisning, lesing av faglitteratur, studentseminar, arbeid individuelt og i grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. 

Arbeidskrav:

Det er to skriftlege arbeidskrav i emnet.

Studenten skal i tillegg delta på seminar knytt til begge arbeidskrava.

Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Lina Rebekka Kobberstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust