Semestre

MID117 Fleirkameraproduksjon

Emnekode: 
MID117
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MID131 og MID112
eller JOU100, JOU101, JOU102 og MEV121
eller tilsvarande.

Om emnet

I emnet MID117 Flerkameraproduksjon arbeider studentane med fleirkamerabaserte produksjonar i forskjellige format og sjangrar, til opptak og livestreaming, på location og i studio. Kjennskap til korleis dei ulike rollene i eit fleirkamerateam opererer er viktige felt, kombinert med prosessforståing både teknisk og organisatorisk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskap om:

  • organisering av fleirkameraproduksjonar.
  • dei ulike rollene som denne organiseringa krevjer.
  • teknisk utstyr i fleirkameraproduksjonar.
  • kunnskap om relevant teori som produksjonsprinsipp, sjanger, og dramaturgi i fleirkameraproduksjonar.
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan utføre oppgåvene i dei ulike rollene i ein fleirkameraproduksjon i fasene frå preproduksjon, gjennomføring, og postproduksjon.
  • kan samarbeide i dei ulike rollene i ein fleirkameraproduksjon.
  • kan organisere og gjennomføre location- og studiobaserte fleirkameraproduksjonar.
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver i ein fleirkameraproduksjon, både enkeltvis og i grupper.
  • kan formidle sentralt fagstoff, som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom produksjonane.
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan fleirkameraproduksjon.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar, seminar, gruppearbeid, selvstudium, og prosjekt der studentar arbeider saman om fleirkameraproduksjon under rettleiing.
Deler av opplegget kan gjennomføres som e-læringsmoduler og skjermbasert undervisning og rettleiing.
Den timeplanfesta undervisinga foregår hovudsakleg i skuletida. Det må påreknast at nokre av produksjonane gjennomførast på kveldstid eller helg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i undervising, gruppearbeid og produksjonar. Detaljar om kva som er obligatorisk går fram av semesterplanen. 

Studentane dokumenterer deltakinga si i kvar av produksjonane med ein produksjonsrapport, - med kva, kvar, kven og kvifor - og med relevant dokumentasjon som underbygger dette. Deltaking i produksjonane og dei individuelle produksjonsrapportane er arbeidskrav i emnet.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
32
Emneansvarleg: 
Andreas Solbakken
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i medieproduksjon
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.20