Semestre
MKH101BS Mat, kosthald og helse 1 (1-7)
Ingen
Emnet består av fire delar
- Praktisk matlaging 1
- Ernæring, kosthald og helse 1
- Aktivitetsfag 1 (lærarstyrt og studentstyrt arbeid/undervisning)
- Råvarekunnskap 1
Praktisk matlaging 1
Her ligg hovudtyngda av den praktiske komponenten i faget og innhaldet vil vere retta mot grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i matlaging, råvarekunnskap og kjøkkenhygiene. Planlegging og gjennomføring av matlagingsaktivitetar for barn og unge på 1.-7. årssteg er óg ein sentral del av undervisninga.
Ernæring, kosthald og helse 1
Innhaldet vil vere knytt til energigivande næringsstoff, vitamin, mineral, sporstoff, og fordøyinga og energiomsetninga i kroppen.
Aktivitetsfag 1
Innhaldet i delen vil vere knytt til det metodiske og didaktiske arbeidet i samband med kosthald og helse. Ein ønskjer her å sjå faget i ein større samanheng og finne måtar der faget kan bli ein ressurs for miljø og matkultur i skulen. Ein kan til dømes trekke lokalsamfunnet sine ressursar inn i dette arbeidet. Det er og viktig at ein ser korleis fagområdet kan integrerast i elevane sin skulekvardag. Dei førebyggjande og helsefremmande perspektiva i faget er viktige. Aktivitetane vil kunne vere lærarstyrte eller studentstyrte innanfor gitte rammer.
Råvarekunnskap 1
Kunnskap om råvarer og korleis desse er bygd opp er sentralt dersom ein skal forstå matlaging, dvs. å knyte teori og praksis saman i matlaging og eksperimentering.
Digital kompetanse er eit sentralt tema i samfunn og skule i dag, og vil vere eit gjennomgåande tema i alle delar av emnet, til dømes gjennom bruk av digitale medier, verktøy og arbeidsformer.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten ha
- grunnleggjande kunnskap i ernæringslære, kosthald og helse
- kunnskap om korleis ein kan arbeide helsefremjande og førebyggjandei eit kosthaldsperspektiv
- kunnskap om faget Mat og helse sitt innhald på 1.-7. årssteg i grunnskulen
- kunnskap om korleis ein kan nytte faget som ramme for opplæring i grunnleggande ferdigheiter
- kunnskap om korleis ein kan nytte faget i tverrfaglege samanhengar
- kunnskap om stoffa maten er bygd opp av, korleis desse reagerer når maten vert laga til og korleis dette kan nyttast i matlaging og læringsarbeid
- kunnskap om korleis ein kan nytte didaktiske kategoriar (mål, innhald, elevføresetnadar, rammer, arbeidsmåtar og vurdering) i planlegging, gjennomføring og vurdering av elevane sitt læringsarbeid
Etter fullført emne skal studenten
- kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
- orientere seg og vurdere innhald av ulike kjelder som t.d. kosthaldsinformasjon
- ha grunnleggande ferdigheiter i matlaging, og korleis oppbevare og handsame mat
- kunne planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i mat og helse for elevar på 1.-7. årssteg
- kunne legge til rette ei undervisning for elevar med ulike behov, t.d. spesialkost eller spesialpedagogiske tilretteleggingar
- ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget og rettleie elevar i deira utvikling av fagspråk
- kunne bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar
Etter fullført emne skal studenten
- syne eit reflektert forhold til kosthald og kosthaldsplanlegging i høve ulike grupper
- kunne tenke systematisk kring matlaging og eksperimentering med mat med utgangspunkt i kunnskap om næringsstoff og matvarer
- kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget Mat og helse, skulemåltid, og Mat og helse som ramme for tverrfagleg læringsarbeid
- syne eit kritisk og reflektert forhold til mat og helse slik ein møter det i samfunnet i høve offentlege og private aktørar (t.d. helsevesen, media, handel og marknadsføring)
Arbeidsformene vil vere varierte; til dømes demonstrasjon, laboratoriearbeid, stasjonsarbeid og matlaging. Canvas vert nytta som arbeids- og kommunikasjonsreiskap både for lærar og student, og er såleis ein integrert del av undervisninga. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3.
Arbeidskrav:
- Studentane skal skrive dokumentasjon/refleksjonsnotat etter kvar av dei omlag 20 praktiske øktene. Omfang 1-2 sider for kvar økt. Dette samlast i ei mappe og leverast som arbeidskrav.
- Studentane skal skrive to individuelle rettleidde fagdidaktiske oppgåver retta mot 1.-7. årssteg, kvar på om lag 2000 ord.
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Ingen.
Kr.900,-
- Mat, kosthald og helse 1-7/5-10
- Matkultur og helse 60 stp.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. |