Semestre
MMP303 Undersøkande journalistikk
This course is given in Norwegian language only.
Grunnleggande teoretisk og praktisk kunnskap innanfor relevante fagområde i journalistikk. Realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning.
Studentar på Master in Media Practices sender søknad merka MMP303 til Studentsørvis på e-post: studentsorvis@hivolda.no innan 20. november 2024. Opptak vil bli kunngjort innan to veker.
Enkeltemnestudentar søker opptak via Søknadsweb.
Emnet skal bidra til auka kvalitet i journalistisk produksjon, der studentane skal oppnå solid kompetanse og ein anvendt, refleksiv kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen. Viktige element i emnet er utvikling av idear og hypotesar, metodiske val og systematikk i eigen research. Andre viktige område er val og bruk av ulike typar kjelder og kjeldemateriale, etiske dilemma og kjeldekritisk analyse knytt til ulike former for journalistiske undersøkingar og metodeval. Journalistikkens kunnskapsformer vil i teori og praksis bli relatert til vitskaplege kunnskapsformer, særleg kvalitativ og til dels kvantitativ samfunnsvitskapleg metode.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha ei brei oversikt og djup innsikt i journalistisk metode
- ha god analytisk kunnskap om etikk, kjeldekritikk og rekonstruksjon i den journalistiske arbeidsprosessen
- ha god kjennskap til mediekritiske innvendingar mot metoder og etiske/kjeldekritiske val som kan bli praktisert innafor ramma av ”journalistisk undersøkelse og produksjon”.
Studenten skal
- kunne bruke metodar, teknikkar og strategiar for å finne idear, nyheiter eller saker som til dels er skjult, til dels vanskeleg tilgjengeleg eller ”oversett” i dagens mediebilde
- kunne utvikle, planlegge og gjennomføre eigne prosjekt ved bruk av intervju, observasjon og skriftleg kjeldemateriale
- finne, forstå og bruke statistikk på ein adekvat måte
- kunne bruke offentlegheitslova og andre lover og reglar, som gir innsynsrett og tilgang til sentrale skriftlege kjelder
- kunne produsere dokumentarar/reportasjar og lage skriftlege, analytiske metoderapportar knytt til desse
Studenten skal
- ha solid kompetanse og ein anvendt, refleksiv kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen: Utvikling av idé og hypotesar, metodiske val og systematikk i eigen research
- vere i stand til å bidra i samfunnsdebatten og arbeide for auka kvalitet i journalistisk produksjon
Undervisinga skjer i form av førelesingar/seminar og arbeidsverkstad. Undervisinga vil integrere journalistisk teori, analyse og praksis. Det blir lagt vekt på at studentane arbeider sjølvstendig med kursets faglege problemstillingar, knytt til både eigne prosjekt og eit felles undervisingsopplegg.
Det vil vere obligatorisk deltaking til undervising
Studenten skal jobbe med eitt større eller 2-3 mindre journalistiske prosjekt med fristar for
a) idé og plan seinast to veker etter emnets start (Gjennom denne godkjenninga blir omfanget av kvar enkelt students eksamensarbeid avklart).
b) levere inn tre rapportar om eige prosjektarbeid i perioden (minimum 1500 ord pr. rapport
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Media Practices - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
JOA202 Undersøkande journalistikk | 10 | |
DJM302 Undersøkande journalistikk | 15 |
a) Eit fullført journalistisk eksamensprosjekt (eitt større eller 2-3 mindre journalistiske produkt).
b) Ei metodeoppgåve der arbeidet skal presenterast og der sentrale metodiske, etiske og kildekritiske dilemma og valg skal analyserast. Refleksjonen skal knyttast til pensumtekstar.