Semestre

MNT211BHG Rettleiings- og mentorutdanning 1

Emnekode: 
MNT211BHG
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Krav til forkunnskapar

Sjå opptakskrav i studieplan for Rettleiings- og mentorutdanning.

Om emnet

Emnet gir innføring i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel,  etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis og for nyutdanna, og korleis det kan leggast til rette for eit lærande fellesskap i barnehagen . Rettleiing - og mentorutdanning 1 (15 studiepoeng) er første del av eit rettleiingsstudium på 30 studiepoeng.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • Ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet.
  • Etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar og i barnehagen.
  • Korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehagen.
  • Korleis ein kan inkludere studentar, nyutdanna og kollegiet elles i eit kritisk reflekterande fellesskap 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • Bruke ulike rettleiingsstrategiar og –verktøy.
  • Planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå.
  • Analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar 
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • Kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar.
  • Ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet.
  • Kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet ønskjer å gjere nytte av og utvikle vidare dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og kunnskapar som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Emnet rettar seg mot rettleiing av studentar, nyutdanna lærarar og kollegaer, både på individ- og gruppenivå. Samlingane på høgskulen inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.

Undervegsvurdering:  

Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Gjennomføring av fire rettleiingsøkter
  • Deltaking i fire samlingar i nettverksgruppene
  • Innlevering av dokumentasjon i form av to fagtekstar (maks 1200 ord) frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. Fagtekstene skal ha vekt på utvikling av eigen rettleiarkompetanse med utgangspunkt i pensum og undervisninga i studiet. Fagtekstane skal vere levert og godkjent før ein får gjennomføre eksamen.
  • Presentasjon av og fagleg refleksjon over  eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar (gruppepresentasjon)
Sensorordning

Det skal vere ekstern sensur på eksamen. Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

På samlingane skjer det ei kontinuerleg evaluering av studiet knytt til mål og innhald. Det blir gjennomført skriftleg og munnleg evaluering både midtvegs og ved slutten av studiet. Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Gerd Sylvi Steinnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Rettleiings- og mentorutdanning 1B
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter