Semesters
MNT211BHG Rettleiings- og mentorutdanning 1
Sjå opptakskrav i studieplan for Rettleiings- og mentorutdanning.
Emnet gir innføring i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis og for nyutdanna, og korleis det kan leggast til rette for eit lærande fellesskap i barnehagen . Rettleiing - og mentorutdanning 1 (15 studiepoeng) er første del av eit rettleiingsstudium på 30 studiepoeng.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- Ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet.
- Etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar og i barnehagen.
- Korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehagen.
- Korleis ein kan inkludere studentar, nyutdanna og kollegiet elles i eit kritisk reflekterande fellesskap
Studenten skal kunne:
- Bruke ulike rettleiingsstrategiar og –verktøy.
- Planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre.
- Stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå.
- Analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
Generelt skal studenten:
- Kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar.
- Ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet.
- Kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet ønskjer å gjere nytte av og utvikle vidare dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring og kunnskapar som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi. Emnet rettar seg mot rettleiing av studentar, nyutdanna lærarar og kollegaer, både på individ- og gruppenivå. Samlingane på høgskulen inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.
Undervegsvurdering:
Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.
- Gjennomføring av fire rettleiingsøkter
- Deltaking i fire samlingar i nettverksgruppene
- Innlevering av dokumentasjon i form av to fagtekstar (maks 1200 ord) frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. Fagtekstene skal ha vekt på utvikling av eigen rettleiarkompetanse med utgangspunkt i pensum og undervisninga i studiet. Fagtekstane skal vere levert og godkjent før ein får gjennomføre eksamen.
- Presentasjon av og fagleg refleksjon over eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar (gruppepresentasjon)
Det skal vere ekstern sensur på eksamen. Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
På samlingane skjer det ei kontinuerleg evaluering av studiet knytt til mål og innhald. Det blir gjennomført skriftleg og munnleg evaluering både midtvegs og ved slutten av studiet. Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Mentoring 1B
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |