Semestre
MPRO211 Medieproduksjon - Oppdragsproduksjon
Emnet er praktisk-teoretisk og gir studentane kunnskap om og erfaring med innhaldsproduksjon. Studentane skal produsere videoar i korte format, i tillegg til andre multimediale uttrykk tilpassa digitale kommunikasjonsplattformar.
Studentane får ein brief, og dei må aktivt bidra til å skape felles forståing for premissane i produksjonen. Studentane skal planleggje innhald ut frå research, og rette innhaldet mot spesifikke målgrupper og plattformar. I emnet er det krav om systematisk arbeid gjennom heile produksjonsprosessen. I emnet legg vi vekt på kunnskap om ulike sjangrar innan oppdragsproduksjon, og evne til å tilpasse bodskapen til ulike digitale kommunikasjonsplattformar. Studentane skal ha eit bevisst forhold til yrkesetikk og diskutere etiske spørsmål knytt til oppdragsproduksjonen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om kva ein brief er i arbeidet med oppdragsproduksjon
- kunnskap om yrkesetikk i oppdragsproduksjon
- kunnskap om ulike sjangrar innan oppdragsfilm
- kunnskap om ulike metodar for å gjere research, målgruppeanalyse og idéutvikling
Studenten skal
- kunne vurdere briefen ut frå målsettinga og behova til målgruppa, og utvikle idéar ut frå denne innsikta
- kunne gjere nytte av ulike metodar i planlegging av multimedial historieforteljing
- kunne formidle ein bodskap ut frå kundebehov og målsetting, tilpassa ulike kanalar og målgrupper
- kunne setje opp eit realistisk budsjett for innhaldsproduksjonen
- kunne gjere etiske vurderingar i tråd med gjeldande yrkesetikk
Studenten skal
- vere i stand til å arbeide profesjonelt saman
- vere i stand til å ta ulike rollar i ein produksjon
- ha evne til å halde seg oppdatert på digitale kommunikasjonsformar og –plattformar
Emnet er organisert i forelesningar, praktiske workshop, sjølvstendig arbeid, prosjektarbeid med enkamera produksjoner, studentpresentasjonar og rettleiing.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk deltaking i alle undervisnings- og arbeidsformer knytt til emnet jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha godkjent oppmøte og deltaking på minimum 80% av undervisning og organisert arbeid i emnet.
Arbeidskrav:
I emnet er det 5 arbeidskrav som må vere bestått for å kunne framstille seg til eksamen.
- Munnleg pitch i gruppe. Omfang: om lag 20 minutt.
- "Treatment" og manus i gruppe.
- Produksjonsplan, opptaksplan og budsjett i gruppe.
- Papirarbeid knytt til produksjonen i gruppe.
- Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Dersom arbeidskrava ikkje vert godkjent ved første innlevering, kan studenten levere kvart arbeidskrav på nytt i forbetra versjon.
- Medieproduksjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Mappa skal innehalde dei obligatoriske arbeidskrava 2-4 i emnet. Filformat: Tekst: PDF. Video: MP4 eller MOV. Foto: JPEG, PNG. SoMe-innhald: PDF. |