Semestre
MPRO212 Medieinnovasjon - nye forteljarformer
Emne er ein introduksjon til utvikling og innovasjon i mediebransjen, og med særskilt fokus på nye forteljarformer med levande bilete. Studentane skal få forståing for korleis nye forteljarformer oppstår, både gjennom å studere innovative “case” og gjennom å utvikle eigne konsept eller produksjonar.
Studentane vil lære å anvende metodar for utvikling og innovasjon. Brukarfokus skal vere tydeleg forankra gjennom utprøving eller testing av innhald på ei målgruppe. I emne tek vi utgangspunkt i at eit sentralt trekk ved innovasjonskompetanse er evna til å prøve seg fram i ukjent terreng, og vi trekkjer vekslar på kjend forsking på innovasjonspedagogikk.
Innovasjon innan historieforteljing kan til dømes skje gjennom bruk av ein ny teknologi eller kommunikasjonsplattform, å nå ut til nye målgrupper, nye måtar å organisere produksjon på, eller gjennom nye typar samarbeid. Det kan vere fokus på ulike aspekt for kvart år.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- veit korleis ein får innsikt i medietrendar.
- forstår sentrale omgrep innan innovasjon.
- forstår prosessar som driv utvikling og innovasjon i mediebransjen, med særskilt fokus på utvikling av nye forteljarformer.
- har kunnskap om utvalde kvalitative og kvantitative metodar for forsking på brukaropplevingar
Studenten
- kan nytte metodikk for utvikling av idé, konsept eller medieinnhald som har potensiale for innovasjon.
- kan vurdere kvalitet og levedyktigheit for idéen, konseptet eller medieinnhaldet.
- kan utføre undersøkingar om målgruppeåtferd knytt til den aktuelle forteljeforma
- kan produsere og teste eigne idear, konsept eller medieinnhald.
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre utviklingsprosjekt åleine og i samarbeid med andre
- kan formidle teoriar og metodar for medieutvikling og innovasjon både skriftleg, munnleg og gjennom eigen praksis.
- kjenner til forskings-, utviklings- og innovasjonsarbeid innan medieproduksjon, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.
Emne strekkjer seg over eitt semester. Emne vert organisert gjennom “workshops” som skal førebu studentane på utvikling av eigne prosjekt, og rettleiing under utvikling av eigne prosjekt.
I tillegg vil det vere enkelte førelesningar.
Vi legg stor vekt på studentaktive arbeidsformer, der studentane i grupper i stor grad skal styre arbeidsprosessen sjølv i tett dialog med rettleiar.
Frammøtekrav:
For å sikre at studentane oppnår dei kunnskapane og ferdigheitene som er skildra under læringsutbytte, er det obligatorisk deltaking på undervisninga. Fråvær ut over 20 prosent fører til tap av retten til å framstille seg for eksamen. Fristar og nærare detaljar for innlevering av arbeidskrav går fram av undervisningsplanen, som blir gjort tilgjengeleg ved oppstarten av semesteret.
Arbeidskrav:
- Arbeidskrav 1: Presentasjon av casestudie, gruppevis. 20 minutt.
- Arbeidskrav 2: Pitch av idé, konsept eller medieprodukt, gruppevis. 20 minutt.
- Arbeidskrav 3: Skriftleg vurdering av ei anna gruppe sin idé, konsept eller medieinnhald, individuelt. 2000 ord (+/- 10%)
Arbeidskrava skal godkjennast av faglærar, og alle arbeidskrav skal vere godkjente før studenten kan framstille seg for eksamen. Om studenten ikkje får godkjent arbeidskravet ved første forsøk, kan studenten gjennomføre/levere kvart arbeidskrav på nytt i forbetra versjon.
Fristar og nærare detaljar for innlevering av arbeidskrav går fram av undervisningsplanen, som blir gjort tilgjengeleg ved oppstarten av semesteret.
- Medieproduksjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | 2500 ord (+/- 10%). |
- Skriftleg vurdering av eigen idé, konsept eller medieinnhald. Omfang: mellom 2000-2500 ord (+/- 10 %).
- Prototype av konseptet.
- Filtype: zip-fil.