Semestre
MUS103 Inn i musikken 2
MUS101
MUS103 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Gjennom studiet skal studenten arbeide med å styrke sin faglege kompetanse for å arbeide med musikk, med fokus på følgjande hovudområde: musikkteori, høyrelære, arrangering, musikkorientering, hovudinstrument og bruksklaver. Emnet rettar seg inn mot verksemder innan eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggande kunnskapar om
- musikkteori
- rytme, akkordar og melodigjengiving
- musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, og bruk av musikken i samfunnet, med vekt på den vestlige kunstmusikken på 1900-talet og utviklinga av jazz, pop og rock
- musikkutøving og framføringspraksis
Studenten kan
- nytte hovudinstrument i utøvingssituasjonar åleine og i samspel med andre, og dokumentere prosessen med video
- lage enkelt pianoakkompagnement etter besifring, og dokumentere prosessen med video
- arrangere og legge til rette musikalsk materiale med tanke på song/samspel i ulike mindre ensemble
- nytte eit digitalt noteprogram for å lage arrangement i partitur
Studenten kan
- bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
- Nytte digitale program som vert brukt i grunnsikulen for arrangering, t.d. GArageband, BandLAb, m.m.
Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper (både i klasserom og på nett). Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt.
IKT: Det vert arrangert obligatorisk innføringskurs i bruk av dataprogram for notasjon/sekvensering.
- Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, og ein forventar aktiv deltaking frå studentane. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
- Forprøver: Høyrelære, musikkteori og musikkorientering
- Arbeidsmappe i arrangering – tre individuelle skriftlege arbeid
- Arbeid med hovudinstrument og bruksklaver skal loggførast skriftleg og med videodokumentasjon
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Musikk - årsstudium
- Musikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det vert gjort ei samla vurdering av kandidaten sin prestasjon, der hovudinstrument tel om lag 60 % og bruksklaver tel om lag 40 % av samla karakter. | Praktisk/munnleg eksamen i hovudinstrument og bruksklaver. |