Semestre
MUS103 Inn i musikken 2
MUS101
MUS103 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Gjennom studiet skal studenten arbeide med å styrke sin faglege kompetanse for å arbeide med musikk, med fokus på følgjande hovudområde: musikkteori, høyrelære, arrangering, musikkorientering, hovudinstrument og bruksklaver. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
KunnskaparStudenten har grunnleggande kunnskapar om: musikkteori rytme, akkordar og melodigjengiving musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlige kunstmusikken på 1900-talet og utviklinga av jazz, pop og rock musikkutøving og framføringspraksis FerdigheiterStudenten kan: nytte hovudinstrument i utøvingssituasjonar åleine og i samspel med andre lage enkelt pianoakkompagnement etter besifring arrangere og legge til rette musikalsk materiale med tanke på song/samspel i ulike mindre ensemble nytte eit digitalt noteprogram for lage arrangement i partitur
-
-
-
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt.IKT: Det vert arrangert obligatorisk innføringskurs i bruk av dataprogram for notasjon/sekvensering.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.