Semestre

MUS105 Musikkteknologi 1

Emnekode: 
MUS105
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. Bachelorstudentar i musikk (2. eller 3. år) har førsterett på plassane, deretter studentar i 2. eller 3. året frå andre studium ved Avdeling for kulturfag.

Om emnet

Musikkteknologi 1 kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som støttefag i andre bachelorgradar ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Emnet gir ei innføring i lydproduksjon og grunnleggande kompetanse for å kunne nytte musikkteknologi i arbeid med musikk i grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Studentane skal ha kunnskapar og ferdigheiter i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for lydredigering frå ei tilretteleggingsfase med opptak og nedmiks til ferdig produkt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

• sentrale utviklingstrekk innan lydteknologifeltet

• grunnleggande prinsipp for akustikk i samband med lydproduksjon

• PA-anlegg, mikrofonar og mikrofonteknikk

• opptak og redigering av lyd og musikk, stereo- og fleirsporsteknikk og harddiskopptak

• internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi og som publiseringskanal

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

• velje, plassere og bruke mikrofonar i studio og live-situasjonar

• sette opp og kople eit standard lydanlegg

• beherske hovudfunksjonane i eit standard miksebord

• beherske hovudfunksjonane i eit lydredigeringsprogram

• gjere digitale fleirspors lydopptak

• mikse ned eit fleirspors opptak til stereo

• konvertere lydfiler mellom ulike format

• publisere lyd til ulike media

Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling og studenten publiserer sine oppgåvesvar i arbeidsmapper på nettet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

1) Alle øvings-oppgåver frå kursboka Pro Tools 101

2) Studentane skal i grupper ta ansvar for live lydproduksjon og opptak av ei framføring i musikkseksjonen / Høgskulen sin regi, t.d. huskonsert, - og gjere opptaket klart til publisering.

3) Eigen individuell produksjon med varigheit om lag 3 minutt og bruk av syntetiske og akustiske spor - minst 8 til saman. 

Arbeidsmappe

Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom 3 innleveringar, dei 3 arbeidskrava skildra i avsnittet over, til ei arbeidsmappe.

Forprøve 1 - Praktisk prøve (4 timar) i redigering av eit gitt fleirspors opptak. Kandidaten skal redigere / mikse opptaket og gjere det klart til publisering.

Forprøve 2 - Praktisk prøve i rigging og kopling av eit PA-anlegg.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Semester
Stått eller ikkje stått
Mappeeksamen: Eitt av arbeida i arbeidsmappa blir trekt ut til vurdering og eksamen.
Godkjent av: 
Unni Hagen