Semestre
MUS105 Musikkteknologi 1
Ingen. Bachelorstudentar i musikk (2. eller 3. år) har førsterett på plassane, deretter studentar i 2. eller 3. året frå andre studium ved Avdeling for kulturfag.
Musikkteknologi 1 kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som støttefag i andre bachelorgradar ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Emnet gir ei innføring i lydproduksjon og grunnleggande kompetanse for å kunne nytte musikkteknologi i arbeid med musikk i grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Studentane skal ha kunnskapar og ferdigheiter i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for lydredigering frå ei tilretteleggingsfase med opptak og nedmiks til ferdig produkt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskapar om:
• sentrale utviklingstrekk innan lydteknologifeltet
• grunnleggande prinsipp for akustikk i samband med lydproduksjon
• PA-anlegg, mikrofonar og mikrofonteknikk
• opptak og redigering av lyd og musikk, stereo- og fleirsporsteknikk og harddiskopptak
• enkel notasjon
• internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi og som publiseringskanal
Studenten kan:
• velje, plassere og bruke mikrofonar i studio og live-situasjonar
• sette opp og kople eit standard lydanlegg
• beherske hovudfunksjonane i eit standard miksebord
• beherske hovudfunksjonane i eit lydredigeringsprogram
• gjere digitale fleirspors lydopptak
• mikse ned eit fleirspors opptak til stereo
• konvertere lydfiler mellom ulike format
• publisere lyd til ulike media
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Det blir lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling og studenten publiserer sine oppgåvesvar i arbeidsmapper på nettet.
Arbeidskrav
1) Alle øvings-oppgåver frå kursboka Pro Tools 101
2) Studentane skal i grupper ta ansvar for live lydproduksjon og opptak av ei framføring i musikkseksjonen / Høgskulen sin regi, t.d. huskonsert, - og gjere opptaket klart til publisering.
3) Eigen individuell produksjon med varigheit om lag 3 minutt og bruk av syntetiske og akustiske sor - minst 8 til saman.
Arbeidsmappe
Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom 3 innleveringar, dei 3 arbeidskrava skildra i avsnittet over, til ei arbeidsmappe.
Forprøve 1 - Praktisk prøve (4 timar) i redigering av eit gitt fleirspors opptak. Kandidaten skal redigere / mikse opptaket og gjere det klart til publisering.
Forprøve 2 - Praktisk prøve i rigging og kopling av eit PA-anlegg.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Musikk - bachelor
- Teater og drama - bachelor
- Vidareutdanning i musikk
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Mappeeksamen: Eitt av arbeida i arbeidsmappa blir trekt ut til vurdering og eksamen. |