Semestre
MUS1B-110KFK Musikk som fokusfag i skapande og tverrfagleg arbeid
I dette emnet vil studenten bygge vidare på kunnskapar og ferdigheiter tileigna gjennom emnet Oppleving, utøving og skaping i musikkfaget, med eit fokus på musikk i skapande og tverrfagleg arbeid.
Studenten vil få innsikt i og prøve ut varierte faglege tilnærmingar og metodar for undervisning der elevane kan utvikle djupnekunnskap og sjå samanhengar både i musikkfaget og på tvers av fag. Utdanninga vil vere delvis differensiert for trinn 1-7 og 5-10.
Studenten skal vidareutvikle seg innan komponering og improvisasjon og i å legge til rette for skapande prosessar med ulike utgangspunkt. I høve tverrfagleg arbeid vil kjerneelementet kulturforståing vere sentralt, og arbeidsoppgåvene vil rette seg inn mot dei tverrfaglege tema Folkehelse og livsmeistring og Demokrati og medborgarskap. Studenten skal ta i bruk og reflektere over ulike faglege tilnærmingar som gir elevane øving i samarbeid og kritisk tenking, og i bruk av vurdering som eit verktøy for læring.
Eit tverrfagleg prosjektarbeid på eigen skule er grunnlaget for sluttvurderinga i emnet, der studenten reflekterer over læraren si rolle som tilretteleggar og rettleiar for elevane sine læringsprosessar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har:
- kunnskapar om djupnelæringsomgrepet i høve musikkfaget og tverrfaglege samanhengar
- kunnskapar om kulturforståing i musikkfaget og om ulike relevante faglege og tverrfaglege tilnærmingar til arbeid med kulturforståing
- kunnskapar om varierte teknikkar og strategiar for improvisasjon og komponering
Kandidaten kan:
- nytte improvisasjon og ulike komposisjonsteknikkar for å skape musikk, og reflektere over eigne ferdigheiter
- planlegge, leie og evaluere skapande aktivitet i musikkfaget og i tverrfaglege samanhengar, og reflektere over læraren si rolle som tilretteleggar og rettleiar for elevane sine læringsprosessar
Kandidaten kan:
- bruke kunnskap og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
- vise samarbeidsevne og evne til refleksjon
- bruke verdiar i faget til å stimulere elevane si personlegdomsutvikling og danning
- nytte kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Emnet er nett- og samlingsbasert med to samlingar på Høgskulen i Volda. I tillegg vert det lagt opp til nettleksjonar annakvar veke, samt nettbasert møte for erfaringsdeling ein time annakvar veke.
Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning, praktisk utprøving og rettleiing på varierte arbeidsmåtar og -prosessar i musikkfaget.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytt til studenten si eiga praksiserfaring. Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver på eigen skule.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen.
Arbeidskrav:
- 80 % gjennomføring av alle nettleksjonar i semesteret. Arbeidet skal vere ferdig innan fastsett frist.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av eit tverrfagleg prosjekt på eigen skule, presentasjon av prosjektet for medstudentar og rettleiing av medstudent i hans/hennar prosjekt.
- Musikk 1, 1.-10 trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rapport | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | Rapport som gjeld eit tverrfagleg prosjektarbeid på eigen skule, med fagdidaktiske refleksjonar | 3000 ord. |