Semestre
MUS204 Utøving og formidling
Musikk årsstudium (MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 eller tilsvarande)
Utøving og formidling er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i fordjuping eller vidareutdanning i musikk.
Emnet har som mål å utvikle studenten musikalsk og teknisk på hovudinstrumentet. I tillegg skal studenten utvikle dugleik i meistring av ulike konsert- og framføringssituasjonar. Emnet skal også gi god innsikt i praktiske sider ved konsertproduksjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- musikkinterpretasjon og -formidling
- musikken sin funksjon i samfunnet
- samanheng mellom musikk, media og miljø
- innstudering og utøving i kor og/eller orkester
- tekniske og musikkfaglege utfordringar for hovudinstrumentet
- repertoar for hovudinstrumentet
Studenten kan:
- innstudere og framføre eit solo- og samspelrepertoar på hovudinstrumentet
- skrive ei fagleg fundert og analytisk konsertmelding
- arrangere ein konsert med ansvar for programmessige og tekniske oppgåver
Studenten har vid kompetanse i utøving og formidling av musikk, både som utøvar og på arrangørsida.
Hovudinstrument:
- Studenten skal gjennom individuell hjelp og rettleiing få eit grunnlag til å utvikle seg sjølv på instrument eller som songar.
- Organisering av undervisningsform vert elles gjort ut frå kva lærar og student finn føremålstenleg og ut frå dei ressursane som er til rådvelde.
Musikkformidling:
- Førelesingar i sentrale emne, gruppearbeid og prosjekt, praktiske og skriftlege oppgåver.
- Det vert lagt vekt på studier av kunstnarisk verksemd og kulturoppleving, anten i form av studietur eller konsertbesøk i regionen.
Arbeidskrav:
- Organisering av ei dag- eller kveldskonsert åleine eller i gruppe, der ein òg deltek som utøvar
- Bruk av logg til øving og utøving, og refleksjonsnotat rundt dette mot slutten av semesteret
- Publisering av ei konsertmelding med bilde på om lag 600-800 ord
- Organisering av huskonsertar i løpet av semesteret
- Aktiv musisering på huskonsertar der ein viser eige nivå og tek ein tydeleg rolle i formidlinga av musikken
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Det er obligatorisk deltaking for andre årsstudentar i bachelorgraden på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar har fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | 20 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |