Semestre

MUS213 Musikkteknologi 2

Emnekode: 
MUS213
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

Bøker:
Husø, Nilsen, Strømsodd (2012): Lydproduksjoner. Oslo: GAN Aschehoug. 978-82-492-1540-9
Cook, Frank D. (2013): Pro Tools 101: An Introduction to Pro Tools 11. Cengage Learning
Huber, David Miles (2014): Modern Recording techniques 8TH Edition. Focal Press.
Programvare for lydinnspeling / redigering: Pro Tools
Programvare for notasjon / redigering: Sibelius
Sibelius brukarmanual: Denne er tilgjengeleg elektronisk frå programmet.
Elektroniske ressursar (tilgjengeleg online frå biblioteket):
Pro Tools brukarmanual: Denne er tilgjengelege elektronisk frå programmet.

Krav til forkunnskapar

MUS101, MUS103 og MUS105.

Om emnet

Emnet Musikkteknologi 2 byggjer på Musikkteknologi 1 (MUS105) og gir kompetanse i å nytte studiorelatert musikkteknologi i arbeid med musikk i grunnskule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar, kulturliv og privat næring. Studentane skal ha kunnskapar og ferdigheiter i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for notasjon og lydredigering - frå ei tilretteleggjingsfase med komponering / arrangering / notasjon, via innstudering og framføring, opptak og nedmiks til ferdig produkt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

  • sentrale teknikkar innan sekvensering og notasjon
  • opptak, redigering og nedmiks av musikk, tospors- og fleirsporsteknikk og harddiskopptak
  • bruk av musikkteknologi i utøvande musikk
  • internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • lage partitur og enkelt-stemmer for ensemble med minst åtte stemmer / staver
  • spele inn / produsere lydfiler til øvingsbruk (play-/singalong, music minus one)
  • gjere digitale to- og fleirspors lydopptak
  • mikse ned eit fleirspors opptak til to spor stereo
  • beherske hovudfunksjonane i eit lydredigeringsprogram
  • konvertere lydfiler (wav) til ulike mp3-format
  • overføre lydfiler til CD / DVD / nett
Generell kompetanse

Studenten skal kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Organiseringa vil veksle mellom større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil vere førelesingar/studentføredrag, verkstadarbeid, presentasjonar, arbeid i grupper og individuelt. Emnet set store krav til sjølvstendig arbeid. Ein stor del av litteratur og terminologi er på engelsk.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

Arbeidsmappe:

  • Eitt individuelt arbeid i sekvensering og notasjon med partitur og enkeltstemmer.
  • Eitt individuelt arbeid - nedmiks av eit tildelt "live"-opptak. Nedmiks skal vere individuell.
  • Ein individuell studioproduksjon som bygger på eit eit eige arrangement. Sluttproduktet skal vere på minst 8 spor og ha ei spelelengd på 3 til 5 minutt.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga. 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
12
Emneansvarleg: 
Leif Magne Barmen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
semester
Stått eller ikkje stått
Godkjent av: 
Aud Folkestad