Semestre

MUS221 Låtskriving og arrangering

Emnekode: 
MUS221
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Krav til forkunnskapar

Årsstudium i musikk eller tilsvarande. 

Om emnet

Emnet skal gi studenten praktisk og teoretisk kunnskap i låtskriving og arrangering. Gjennom arbeid med varierte teknikkar innan låtskriving og arrangering skal studenten utvikle ferdigheiter i å kunne skrive og arrangere materiale innan eit utval sjangrar, og å legge til rette musikalsk materiale for ulike målgrupper. Undervisning i tekstskriving og tonesetting inngår i studiet. Den oppnådde kompetansen har relevans for musikkarbeid i til dømes skule og kulturskule, kor, korps og musikkteater og i privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • klanglege eigenskapar og tekniske utfordringar for ulike instrumentgrupper og ensemble.
  • stilmessige kjenneteikn for eit utval sjangrar.
  • varierte arrangerings- og instrumenteringsteknikkar.
  • tekstarbeid og tonesetting av tekst.
  • kreative verktøy og prosessar knytt til låtskriving og arrangering.
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • arrangere, instrumentere og transponere musikalsk materiale for ulike typar instrument og ensemble.
  • bruke varierte arbeidsmåtar for å utvikle tekst og melodi, og analysere og reflektere kring eigne og andre sine arbeid.
  • produsere partitur og notemateriale for ulike typar instrument og ensemble.
  • reflektere over eigen skapande verksemd og musikalske identitet.
Generell kompetanse

Studenten skal kunne nytte faglege omgrep og ulike teknikkar på ein sjølvstendig måte, og ha innsikt i fagfeltet.

Studenten skal også ha kunnskap om og kunne reflektere over lover og rettigheiter som gjeld det skapande feltet.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Organisering og arbeidsmåtar vil veksle mellom forelesingar i plenum, praktisk arbeid og utprøving i grupper og individuelt.  Digitale notasjonsprogram er ein viktig arbeidsreiskap i emnet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav:

  1. Forprøve i instrumentering og transponering.
  2. Arbeidsmappe med tre større arbeid: to oppgåver i låtskriving og eit arrangement.
  3. Deltaking på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som kan dokumentere deltaking i liknande ensemble kan søkje fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Hildegunn Hovde
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
8 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100 %