Semestre

MUS226 Musikk og helse

Emnekode: 
MUS226
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Musikk årsstudium eller tilsvarande. 

Om emnet

Emnet Musikk og helse gir ei innføring i korleis deltaking i musikkaktivitet kan virke helsefremjande på ulike målgrupper i samfunnet. Utprøving av musikkaktivitet i praktiske situasjonar der musikk er knytt til mål om helse og livskvalitet er sentralt. Det blir lagt vekt på samarbeid- og relasjonskompetanse og korleis musikk kan ha ein funksjon i helseinstitusjonar, i ulike former for opplæring og knytt til fritid. Emnet byggjer på nyare forskingslitteratur frå praksisfeltet musikk og helse. Det blir også nytta teori innan musikkvitskap, pedagogikk, psykologi og helsefag.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • korleis musikk verkar inn på ein sjølv og korleis eigne erfaringar, kompetanse og ferdigheiter kan brukast i helsefremmande arbeid.
  • korleis musikk kan ha innverknad på helse og livskvalitet gjennom sentrale teoriar og forsking som er gjort innan feltet.
  • målgrupper for arbeid med musikk og helse, og målgruppespesifikke behov.
  • korleis ein i musikalske prosessar kan utvikle samarbeid, gode relasjonar og musikkglede.
Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • fasilitere og leie prosesar i musikkaktivitet der målet er helse og livskvalitet
  • utvikle og grunngi metodiske framgangsmåtar innan musikk og helse på individ- og gruppenivå
  • samarbeide i faglege og tverrfaglege samanhengar
  • reflektere over eiga utøving i lys av musikkpedagogisk og musikkterapeutisk litteratur
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er samlingsbasert og arbeidsmåtar vekslar mellom forelesingar, workshops, gruppearbeid og individuelt arbeid under rettleiing. Det inngår ein observasjonspraksis og eigenpraksis i emnet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav:

  • Ein avgrensa observasjonspraksis i praktisk arbeid med musikk og helse og eit observasjonsnotat (800 ord)
  • Eit gruppearbeid med planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar som handlar om musikk og helse
  • Ei teoretisk oppgåve som knyter saman kunnskap frå teori og praksis (2500 ord)
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Øystein Salhus
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
-
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter