Semestre
NAT123 Fysikk og teknologi
Ingen.
Emnet skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for undervising i fysikkfaglege tema i naturfag på trinna 8-10 i grunnskulen og på Vg1 og Vg3 Påbygging i vidaregåande skule. Emnet inngår i studiet Naturfag 8.-13. trinn.
Sentrale tema i emnet vil vere fart og akselerasjon, krefter, energi, bølgjer, atom- og kjernefysikk, elektrisitet og magnetisme, astrofysikk og teknologi. Fagdidaktiske tema som fysikkens eigenart, bruk av modellar og representasjonar, vurdering og misoppfatningar blir vektlagt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om fart og akselerasjon, krefter og energi
- kunnskap om elektrisitet, magnetisme, bølgjer, stråling, lyd og lys
- kunnskap om atom- og kjernefysikk
- kunnskap om solsystemet, stjerner og kosmologi
- kunnskap om teknologi og programmering
- kunnskap om fysikkfaget sin eigenart og om bruk av ulike modellar og representasjonsformer i fysikk
- kunnskap om vanlege kvardagsførestillingar og misoppfatningar i fysikk
- kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
Studenten skal kunne
- planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag forankra i forsking, teori og praksis
- gjennomføre praktisk undervisning i fysikk med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan legge til rette for overgangen frå grunnskulen til vidaregåande skule
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer fysisk på Høgskulen i Volda, på ei samling á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk.
Arbeidskrav:
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- fagrapport frå ei laboratorieøving
- samlerapport frå anna laboratoriearbeid
- to innleveringsoppgåver
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Naturfag 8.-13. trinn
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 % | Kalkulator. |