Semesters

NAT123 Fysikk og teknologi

Course code: 
NAT123
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for undervising i fysikkfaglege tema i naturfag på trinna 8-10 i grunnskulen og på Vg1 og Vg3 Påbygging i vidaregåande skule. Emnet inngår i studiet Naturfag 8.-13. trinn.

Sentrale tema i emnet vil vere fart og akselerasjon, krefter, energi, bølgjer, atom- og kjernefysikk, elektrisitet og magnetisme, astrofysikk og teknologi. Fagdidaktiske tema som fysikkens eigenart, bruk av modellar og representasjonar, vurdering og misoppfatningar blir vektlagt.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om fart og akselerasjon, krefter og energi
  • kunnskap om elektrisitet, magnetisme, bølgjer, stråling, lyd og lys
  • kunnskap om atom- og kjernefysikk
  • kunnskap om solsystemet, stjerner og kosmologi
  • kunnskap om teknologi og programmering
  • kunnskap om fysikkfaget sin eigenart og om bruk av ulike modellar og representasjonsformer i fysikk
  • kunnskap om vanlege kvardagsførestillingar og misoppfatningar i fysikk
  • kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag forankra i forsking, teori og praksis
  • gjennomføre praktisk undervisning i fysikk med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
  • gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
  • kan legge til rette for overgangen frå grunnskulen til vidaregåande skule
  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
  • forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Working and learning activities

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer fysisk på Høgskulen i Volda, på ei samling á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk.

Arbeidskrav:

Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:

  1. fagrapport frå ei laboratorieøving
  2. samlerapport frå anna laboratoriearbeid
  3. to innleveringsoppgåver

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Carlos Magnusson
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100 %
Kalkulator.