Semestre
NAT124 Kropp og helse. Cellebiologi og fysiologi
Ingen.
Undervisninga i emnet, saman med dei andre emna i Naturfag 8.-13. trinn, vil gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskule og vidaregåande skule på trinna 8-13.
Emnet fokuserer på korleis kroppen sine system verkar saman, frå celler, organ og organsystem til det heile mennesket som samverkar med miljøet og samfunnet. Tema som vert underviste er knytte til kjerneelementet “Kropp og helse” og inkluderer sentrale og dagsaktuelle tema som bioteknologi, immunforsvar og vaksiner, ernæring, trening og rusmiddel, og korleis livstilsval påverkar fysisk og psykisk helse. I fagdidaktikk vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskapar og ferdigheiter i cellebiologi og fysiologi, inkludert utarbeiding, bruk og vurdering av modellar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om korleis celler er bygde opp og om livsprosessane til celler
- kunnskap om korleis kroppen er bygd opp, og funksjonar til organ og organsystem
- kunnskap om immunforsvar, mikroorganismar og vaksinering
- kunnskap om funksjonane til nokre næringsstoff og kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og bærekraftperspektiv
- kunnskap om aktuelle helse- og livsstilspørsmål knytt til ernæring, trening og rusmiddel, sett i lys av nyare forsking innan nevrovitskap og fysiologi.
- kunnskap om genetikk og bioteknologi og om korleis ein kan drøfte etiske spørsmål knytt til bioteknologi
- kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
Studenten skal kunne
- planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 8.-13. trinn forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar
- gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
- arbeide utforskande med problemstillingar i kjente og ukjente kontekstar
- utarbeide, bruke og vurdere modellar
- vurdere informasjon frå ulike kjelder med omsyn til pålitsgrad
- gjennomføre formativ vurdering på ulike måtar
- utarbeide læringsaktivitetar på bakgrunn av kompetansemål og overordna verdiar og prinsipp i læreplanen.
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på ei 3-dagars samling som finn stad på campus ved Høgskulen i Volda. Nærare informasjon om undervisninga vil bli gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, og enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
Arbeidskrav:
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- Levere ein fagartikkel inkludert medstudentvurdering
- Levere samlerapport frå laboratoriearbeid
- Utvikle eit praktisk utforskande undervisningsopplegg innan cellebiologi/fysiologi med individuell didaktisk grunngjeving
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjende for å oppnå eksamensrett i emnet
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Naturfag 8.-13. trinn
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 % | 1. Fagartikkel, 2. Utvikling av eit undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving. | ||
Munnleg eksamen | Individuell | - | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 % | På Zoom. | Ingen. |