Semestre
NF102-510KFK Naturfag 1 - Biologi og geofag (5-10)
Fullført lærarutdanning. Byggjer på kunnskapar tilsvarande Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (NF101-510KFK), som kan takast parallelt.
Undervisninga i Naturfag 1 - Biologi og geofag (NF102-510KFK), saman med Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (NF101-510KFK), tek sikte på å gje studentane eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulen. Emnet tek for seg tema innan biologi og geofag, samt nokre naturfagdidaktiske emne.
Faglege tema:
- biologi: biologisystematikk, generell økologi og biotoplære, cellebiologi, oppbygging og funksjon hos plantar og dyr, fossilar og evolusjon, artskunnskap
- geofag: oppbygnad av og prosessar i Jorda, bergartar og mineralar, geofysikk med meteorologi
Fagdidaktiske tema:
- planlegging og gjennomføring av praktisk arbeid i naturfag
- læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema
- kritisk vurdering av naturfaglege tema slik dei verte framstilte i samfunn og media
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- skal vise faglege og fagdidaktiske kunnskapar i grunnleggande naturvitskaplege tema innan biologi og geofag
- skal vise kunnskap om å gje undervisning i skulefaget naturfag med støtte i fagkunnskap, fagdidaktisk kunnskap og læreplan
Studenten
- skal vise generelle praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema innan biologi og geofag
- skal vise ferdigheiter i å gje praktisk og teoretisk undervisning i skulefaget naturfag
- skal øve opp evna til å knytte naturfaget til elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i gjeldande læreplan
Studenten
- skal vise evne til fagleg basert kritisk tenking på områder i samfunnet der naturvitskap er relevant
- skal vise evne til refleksjon omkring elevar sitt forhold til biologi og geofag i og utanfor skulen
- skal vise evne til å samarbeide med andre om å utvikle og gjennomføre naturfagundervisning basert på fagleg og fagdidaktisk kunnskap samt gjeldande læreplan
- skal vise evne til å sjå muligheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga vert gjeve via internett. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Frammøte til den praktiske undervisninga er obligatorisk og består av to samlingar pr. semester á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte førelesningar kan verte gjort obligatoriske, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).
Arbeidskrav:
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- levere fagrapport frå tre laboratorieøvingar/feltarbeid (minimum 1500 ord) der minst eitt er nært knytt til eigen undervisningspraksis
- levere ein samlerapport frå anna laboratorie- og feltarbeid
- bestå ein artsprøve basert på ei liste på 100 pensumartar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Ingen
Ingen
- NF1-510KFK
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ingen |