Semestre
NF102U Naturfag 1 - Biologi og geofag (5-10)
Ingen.
Undervisninga i NF102U, saman med NF101U, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).
Emnet tek for seg tema i biologi, geofag og fagdidaktikk. Anatomi, fysiologi, økologi, berekraft og landformande prosessar er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring, utforsking og trene i argumentasjon er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
kunnskap om anatomi og fysiologi hjå plantar og dyr
kunnskap om bygnad og funksjon til nokre sentrale organsystem hjå mennesket og korleis dei blir påverka av livsstil og helse
kunnskap om økologi, berekraft og miljø- og klimautfordringar, samt korleis undervise dette tema gjennom bruk av læringsaktivitetar inne og ute
kunnskap om ulike naturtypar og biologisk mangfald, samt kunne namnsette og ha kunnskap om artar tilpassa norsk natur
kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis desse har vore med på å forme landskapet
kunnskap om samanhengen mellom vær, klima og ekstremvær
Studenten skal kunne
planlegge, gjennomføra og reflektera over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter
gjennomføra praktisk undervisning i biologi og geofag inne og ute med bruk av relevant utstyr, vurdera nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
kan legge til rette for overgangen frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule
kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på og omkring campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 3 dagar. I samband med praktiske feltøvingar må det reknast med køyring til lokalitetar. Nærare informasjon om undervisninga vil bli gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).
Arbeidskrav
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- Bestå to digitale artsprøvar basert på ei liste på 150 pensumartar
- Levere ein fagartikkel inkludert medstudentvurdering
- Levere samlerapport frå laboratoriearbeid
- Utvikle eit undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving
- Munnleg rapportering frå feltarbeid
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Ingen.
Ingen.
- Naturfag 1, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | 1. Fagartikkel 2. Utvikling av eit undervisnings-opplegg med individuell didaktisk grunngjeving | ||
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Ingen |