Semestre
NLIT101 Å lese Noreg. Norsk litteratur i omsetting
Ingen.
For English version click here
Å lese Noreg. Norsk litteratur i omsetjing er ope for alle studentar som ønskjer å lære om norsk litteratur og kulturhistorie, uavhengig av studieprogram.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- sentrale tema, forfattarar og periodar i norsk litteratur
- norsk kultur, historie og samfunn
- normer og standardar for litterær analyse
Studenten kan
- plassere norske verk og forfattarar i sine respektive historiske periodar
- analysere ein litterær tekst i lys av historisk og kulturell bakgrunn
Studenten kan utvikle og uttrykke eit kritisk syn på eit litterært verk og samanlikne dette med litteratur og kultur fra studentens heimland.
12 undervisningsøkter á 3 timar. Opplegget vil bestå av førelesingar og gruppearbeid.
Krav om 75 % frammøte.
I løpet av semesteret skal kvar student gi ein kort munnleg presentasjon av ein av pensumtekstane.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Å lese Noreg. Norsk litteratur i omsetting
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |