Semestre

NO101N-AVG Språket som struktur

Emnekode: 
NO101N-AVG
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Språket som struktur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur og som fritt emne i andre bachelorløp. Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkstruktur og språkanalyse. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:

TP1: Morfologi og semantikk

TP2: Syntaks

TP3: Fonetikk og fonologi

Språket som struktur er eit basisemne i Norsk (Nordisk) årsstudium og bør takast som første språkemne i årsstudiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande kunnskap om

- norsk (nordisk) språk

- språkstruktur og grammatikk

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å forstå og analysere lydlege og grammatiske strukturar.

Generell kompetanse

Studenten

- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving

- har solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål

- har ei første innsikt i vitskapleg metode

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 1800 ord innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Godkjenningsoppgåva skal skrivast på bokmål.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Tor Arne Haugen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettstudium
  • Norsk (nordisk) nettstudium deltid
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
2 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
 Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på bokmål.
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Digital eksamen. Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på bokmål.
Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått.  
Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.