Semestre

NO103N-AVG Tekst og struktur

Emnekode: 
NO103N-AVG
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Tekst og struktur gir studenten ei grunnleggjande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i tekstanalyse. Emnet kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av programmet Bachelor i språk og litteratur, som fritt emne i andre bachelorløp og som del av vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur. Pensum er sett saman av eit utval litterære tekstar, litteraturhistorie, litteraturteori og analysemetode. Emnet har tre tyngdepunkt:

TP1: Lyrikk

TP2: Epikk

TP3: Dramatikk

Tekst og struktur er eit basisemne som bør takast som første litterære emne.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande kunnskap om

  • sentrale kjennteikn ved ein litterær tekst
  • dei litterære hovudsjangrane
Ferdigheiter

Studenten

  • er kjend med sentrale metodiske omgrep og kan bruke desse i praktisk tekstanalyse
  • kan utforme analysen i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 2000 ord innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Godkjenningsoppgåva skal skrivast på nynorsk.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Ingri Løkholm Ramberg
Anemari Neple
Studieavgift

Kr. 4000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk (nordisk) 4x15 stp, nettstudium
  • Norsk (nordisk) nettstudium deltid
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
2 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
 Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på nynorsk.
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Digital eksamen. Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på nynorsk.
Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått.  
Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.