Semestre

NO103N Tekst og struktur

Emnekode: 
NO103N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Tekst og struktur gir studenten ei grunnleggjande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i tekstanalyse. Emnet kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av programmet Bachelor i språk og litteratur, som fritt emne i andre bachelorløp og som del av vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur. Pensum er sett saman av eit utval litterære tekstar, litteraturhistorie, litteraturteori og analysemetode. Emnet har tre tyngdepunkt:

TP1: Lyrikk

TP2: Epikk

TP3: Dramatikk

Tekst og struktur er eit basisemne som bør takast som første litterære emne.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande kunnskap om

  • sentrale kjennteikn ved ein litterær tekst
  • dei litterære hovudsjangrane
Ferdigheiter

Studenten

  • er kjend med sentrale metodiske omgrep og kan bruke desse i praktisk tekstanalyse
  • kan utforme analysen i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere inntil tre (3) individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Studenten får kommentarar frå faglærar på kvart av dei innleverte arbeidskrava. Innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på nynorsk.

På grunnlag av tilbakemeldingane på arbeidskrava skal studenten levere ein forbetra versjon av alle arbeidskrava samla til eksamen.

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Brage Egil Herlofsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium)
  • Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid) 
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
 Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på nynorsk.
Alle
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Mappevurdering. Nettbasert. Svaret skal skrivast på nynorsk. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått.
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust