Semestre
NO104N Tekst og kultur
Ingen.
Tekstutvalet i Tekst og kultur (NO104N) gir eit bilete av den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
TP1: Førmoderne litteratur (før 1800)
TP2: Litteratur og modernitet (1800-tallet)
TP3: Litteratur etter 1900
Tekst og kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk, som del av studieprogrammet Bachelor i språk og litteratur, eller som fritt emne i andre bachelorløp. Det litterære basisemnet i årsstudiet er Tekst og struktur (NO103N). Ein rår studentane til å ta dette før Tekst og kultur (NO104N). Dersom ein startar litteraturstudiet med Tekst og kultur (NO104N), bør ein ha skaffa seg naudsynte basiskunnskapar i litteraturhistorie og sjangerlære på førehand (sjå pensum for Tekst og struktur - NO103N).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggande kunnskap om
- litteratur som historisk og estetisk fenomen
- sentrale sider ved forholdet mellom tekst, subjekt og samfunn i ulike periodar
Studenten
- kan analysere tekstar i samsvar med grunnleggande litteraturfaglege krav
- kan formidle analysen i ein tekst med klart og argumenterande språk
- kan utforme teksten i samsvar med elementære krav til kjeldetilvising
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.
Undervisninga blir gitt i form av digitale arbeidspakkar og individuell rettleiing i samband med oppgåveskriving.
Studenten skal levere individuelle arbeidskrav. Studenten skal levere ei oppgåve av eit nærare fastsett omfang innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny og forbetra versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på bokmål.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Historie - bachelor (nettstudium)
- Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium)
- Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 2 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på bokmål. | ||
Heimeeksamen | Individuell | 7 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på bokmål. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. | Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta. |